Hopp til innhold

Slik rekrutterer dei fosterforeldre i nærmiljøet

Aktiv bruk av sosiale medium gjer at Bufetat kan treffe nesten akkurat der dei vil når dei søker etter fosterforeldre.

slik finn dei fosterforeldre

NÆRSØK: Dette er ei annonse frå Bufetat der dei søker etter fosterforeldre. I innsalsteksten heiter det at 'Cristina (12) vil bu hos nokon nærmiljøet sitt'.

– Annonsering på Facebook har gitt oss ei langt betre moglegheit til å spreie bodskapen om at ikkje alle born kan bu heime, seier Kommunikasjonssjef Trond Nygard-Sture i Bufetat, region vest.

Det siste nye i fosterheimsverda er nemleg at annonsar dukkar opp berre hos dei som bur i nærleiken av der det er behov for fosterforeldre.

Kjelder NRK har snakka med fortel at dei fleste naboar i ei vestlandsbygd der det er behov for fosterheimsforeldre fekk opp ei skreddarsydd, anonymisert annonse i nyheitsstraumen sin på Facebook.

Nygard-Sture i Bufetat, region vest meiner at denne typen annonsering både er billigare og meir treffsikker enn annonsane dei sette inn i aviser tidlegare.

Trond Nygard-Sture
Foto: Bufetat

– Vi kan annonsere for folk som har ein viss type utdanning og som har visse preferansar når det gjeld kva type nettsider dei likar å gå inn på. I tillegg kan vi bestemme akkurat kvar vi vil at ei annonse skal kome opp reint geografisk, nesten heilt ned til å treffe eit bestemt nabolag.

Ser liten grunn til uro

Når annonsar peilar seg inn på geografiske område, oppstår moglegheita for at foreldra til fosterborna også får sjå annonsen. Det tek Bufetat med ro.

– Dei fleste av annonsane våre er generelle annonsar for informasjonsmøte og liknande. Det er berre ein veldig liten del av annonsane der vi leitar etter bustad til spesifikke born. Og når vi gjer det, så annonymiserar vi borna, seier Nygard-Sture.

I små bygder kan det fort bli kjent for folk kven dei aktuelle fosterborna er, sjølv om dei er anonymiserte i annonsane. Nygard-Sture seier at slik må det berre vere.

– Eg trur faktisk det ville vore ei katastrofe for rekruteringsarbedet vårt om vi skulle halde oss unna sosiale kanalar. Det er rett og slett fleire positive enn negative sider ved å annonsere slik.

Har tru på metoden

Norvall Nøringset og kona er fosterforeldre til Janatgul frå Afghanistan. Han meiner annonsering på Facebook er vegen å gå for å nå ut til potensielle fosterforeldre.

– På Facebook blir alt meir personleg enn når det står ei generell annonse i avis. Når eg ser at folk eg har tiltru til har kika på ei slik annonse, så vert eg meir interessert sjølv.

Spelar data

FOSTERFAR: Her spelar Norvall Nøringset dataspel med fostersonen Janatgul. SPEL: Norvall Nøringset spelar fotballspel med fostersonen Janatgul.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Også dei som organiserer fosterheimane ser mogelegheitene.

– Det er eit stort behov for fosterheimar, og då ein rekruttere på fleire måtar for å kome i kontakt med potensielle fosterforeldre, seier Tove Wahlstrøm i Norsk fosterheimsforeining.