Hopp til innhold

Slik overraska tanta Henrik (15) på konfirmasjonsdagen

Tante Perny Igland ville overraske nevøen og Liverpool-fanen Henrik Nesje (15) med noko ekstra til konfirmasjonen. Og det klarte ho til gagns.

Liverpool-legender gratulerer Henrik

LEGENDENE: Sjekk dei 16 Liverpool-legendene som gratulerte Henrik med konfirmasjonsdagen. Foto/redigering: Tage Herstad

Då tante Perny klirra på glaset, trudde dei fleste ho skulle halde tale til konfirmanten.

Men på storskjermen i Kalvåg rulla plutseleg Robbie Fowler, Steve McManaman, Gérard Houlier og Jan Mølby, samt 12 andre gamle Liverpool-heltar. Alle som ein med kvar si helsing i ein fem minuttar lang video til konfirmanten.

– Eg vart veldig, veldig overraska og veldig, veldig glad, seier Henrik.

Gjestene i salen fekk mellom anna sjå Bruce Grobbelaar, tidlegare målvakt for Liverpool, og mange av dei store stjernene helse Henrik og ønskje han velkommen til Anfield.

Då videoen var slutt, song heile konfirmasjonslaget «You'll never walk alone», og konfirmanten smilte frå øyre til øyre.

– Det var heilt topp at tante hadde funne på noko slikt, seier Henrik, som også er svoren Rosenborg-fan.

Hadde tenkt på signert bilete

Tante Perny Igland var klar på at ho ville finne på noko spesielt til Henrik på konfirmasjonsdagen, men heller ikkje ho hadde drøymt om at gamle Liverpool-heltar skulle stille opp med personlege helsingar.

– Eg hadde tenkt på kva eg kunne gjere for Henrik som ville vere spesielt, og som kunne glede han veldig, seier Igland.

Ho jobbar i Florø som lærar, og er kollega med Tor Solheim-Olsen, som er Liverpool-fan. Difor kontakta ho han, i håp om at han kunne hjelpe.

– Eg tenkte kanskje at det kunne vere mogleg å til dømes få tak i eit signert bilete, eller noko, seier Igland.

Eller kanskje ein video-snutt?

Solheim-Olsen foreslo heller at ein kunne prøve å få til ei video-helsing i staden. Han kontakta så Tage Herstad, ein svoren Liverpool-fan som held til i Liverpool der han organiserer kampturar.

– Dette gjorde eg i byrjinga av april. Og etter berre nokre dagar fekk eg oversendt den første snutten med dei to første spelarane, fortel Igland.

Ho vart jublande glad, og var i grunnen nøgd.

– Vi vart jo heilt overraska begge to. Men så stod det på slutten «more to come», og så kom det fleire klipp, seier Igland.

Til slutt hadde ho fått videohelsing frå 16 tidlegare Liverpool-spelarar som alle helste til Henrik.

– Det var heilt utruleg, seier Igland, som vart heilt rørt over kva Herstad hadde fått til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Henrik og flagget

FLAGGET VAIA: Henrik med Liverpool-flagget under songen 'You'll never walk alone'. Broren Jørgen (t.v.) er svoren Manchester United-fan, og hadde for å erte, teke på høyrselsvern.

Foto: privat

Heldt det heile heilt hemmeleg

– Han hadde også håpa å få til ein prat med Steven Gerrard, som er kaptein. Men det er jo berre fantastisk, seier Igland.

Og Igland heldt godt på hemmelegheita fram til konfirmasjonsdagen.

– Eg tykte det var så spesielt, så eg sa det ikkje til nokon. Eg hadde jo ikkje drøymt om at Herstad skulle få til noko slikt, seier Igland.

Herstad sjølv tykkjer det er kjekt å kunne hjelpe, og seier at det ikkje var veldig vanskeleg for han å få det til.

– Eg har ganske god kontakt med desse tidlegare Liverpool-spelarane, så det var ikkje vanskeleg å få dei med, seier Herstad.

Han har vore med på å ordne overraskingar også til andre Liverpool-fans ved tidlegare høve, men det er første gong han har gjort noko slikt.

– Men eg veit eg hadde vore veldig nøgd viss det hadde vore eg som hadde fått noko slikt til konfirmasjonen, seier Herstad og smiler.

Og neste år går turen til Anfield

Og Igland er klar på at konfirmanten var strålande nøgd på dagen sin.

– Eg trur det var stort for han, ja. Det var veldig rørande å sjå, seier Igland.

Det kan systera til Igland, og mora til Henrik, Ragne Igland Nesje skrive under på.

– Fotball er den store lidenskapen til Henrik, så det var utruleg flott at han fekk noko slikt til konfirmasjonen, seier Nesje.

Frå foreldra fekk Henrik tur til Anfield for å sjå Liverpool-kamp neste sesong, noko han gler seg stort til.

– Det blir stas, seier Nesje.

Herstad lovar å ta dei med på ein rundtur og syne dei rundt i Liverpool når dei kjem.

– Eg har sagt dei må ta kontakt når dei veit når dei kjem, seier Herstad.