Hopp til innhold

Utset sak om utesymjing

Avgjerda om elevane på Vassenden skule må ha symjeopplæring i Jølstravatnet, er utsett.

Oppvekstutvalet i Jølster

REKNESTYKKET: Oppvekstutvalet i Jølster diskuterte i dag saka om utesymjing.

Foto: Anna Gytri / NRK

I staden for å busse elevane frå Vassenden til bading på Skei, føreslår skulen å la elevane bade i Jølstravatnet frå mai til oktober. Bakgrunnen for forslaget om utesymjing, er kommunen sin tronge økonomi.

Dagens ordning med å køyre elevane til Skei, kostar kommunen 350 000 kroner i året. Forslaget om utebading har ein kostnad på 230 000 kroner.

Oppvekstutvalet i kommunen ber no administrasjonen å vurdere også andre alternativ. Det besteme utvalet på eit møte i ettermiddag.

Utvalet vil mellom anna at foreldra blir involvert før dei avgjer saka.