Hopp til innhold

Slik klarer du nyttårsforsettet

Med eit nytt år kjem også nye nyttårsforsett, men sørgjeleg nok blir det ofte med tanken. Puls-Yngvar gir deg sine beste råd for å halde dei.

Yngvar Andersen

FAN AV FORSETT: Yngvar Andersen seier han sjølv har nyttårsforsett.

Foto: Morten Heckmann Scanpix/All over press / NRK

Eit nyttårsforsett er eit mål eller eit ønskje for det nye året. Det kan vere å slutte med uvanar eller byrje med noko heilt nytt.

Men ofte går det over allereie kort tid ut i januar. Korleis skal ein klare å motivere seg til å halde forsetta lenger? Som å ete mindre, trene meir og slutte å røyke.

Treningsekspert Yngvar Andersen, kjent frå mellom anna Puls på NRK1, har gode råd å komme med.

– Det som ofte veltar nyttårsforsetta, er at tankane og måla er altfor vanskeleg å få til. Det handlar om å leggje eit realistisk, men bra løp, seier han.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Likar nyttårsforsett

Yngvar Andersen har trena mange folk, både på treningssenteret sitt, på TV og ved hjelp av boka si.

Men sjølv om treningsguruen er sprek som berre det, har han også nyttårsforsett.

– Eg er fan av nyttårsforsett og har hatt mange sjølv.

– Du er så sunn og sprek. Kva er dine forsett?

– Eitt av mine er å vere betre på sosiale medium og bli flinkare på e-post og telefon. Det er ei evig «suppe» der eg ikkje rekk alt eg skal. Men det kjem nok til å ryke 3. januar og bli ein gjengangar i åra framover.

Andersen trur det er bra å ha nokre morosame og urealistiske forsett også.

– Så på ei anna liste kan du setje opp dei som verkeleg betyr noko. Dei kan du gjere alt du kan for å få til.

– Men korleis skal ein komme over den vanskelege kneika?

– Handlar det om trening, kosthald og røyking, er det viktig å vere realistisk. Mange har altfor høge ambisjonar, som å trene kvar dag, men det er nesten ingen som klarer det. Dermed er ikkje folk nøgde om dei klarer tre økter, og då veltar det ofte heile forsettet. Sjølv om tre treningar i veka er veldig bra.

(Artikkelen held fram under biletet)

Yngvar Andersen med jerngryte

TREN HEIME: Du treng ikkje fancy treningsutstyr for å trene. Her brukar Yngvar ei jerngryte!

Foto: NRK

Nytt år – nye moglegheiter

Han seier det er det same med sjokolade. For mange er det vanskeleg å tenkje seg eit heilt år utan og at ein dermed sprekk ganske raskt.

– Då er det lurare å gi seg sjølv lov å ete sjokolade ein gong i veka, og så prøve å la vere dei seks andre.

Det beste rådet han har, er å sjå på endringane ein skal gjennom som ein jobb.

– Eg har halde på med dette i tre-fire år no og mange føler det verkar for dei. Sjå på det som ein jobb, inntil det blir greitt å gjere det. Men undervegs er det ikkje moro i det heile teke, seier han.