Hopp til innhold

Slik kan Sogndal slå Kongsvinger

Tidlegare suksesstrenar meiner sogningane er gode nok. Slik blir kvaliken dei neste vekene.

Karl Oskar Emberland og Torbjørn Glomnes

NY KVALIK: Sogndal og trenar Karl Oskar Emberland (t.v.) må ut i ei tøff kvalifisering for å komme seg opp i eliteserien. Sist klubben greidde det, var Torbjørn Glomnes (t.h.) trenar.

Foto: Sander Heggheim / NRK

- Det blir ein ny cupfinale. Vi hadde jo håpa å klare det mot Hønefoss, men no er det berre å leggje vonbrotet til sides og gå på igjen, seier Torbjørn Glomnes.

Har røynsle frå opprykkssuksess

Søndag var 56-åringen ringside då direkte opprykk for Sogndal glapp borte mot Hønefoss. Men Glomnes har god røynsle med å spele kvalik: Nordfjordingen var trenar då Tommy Øren & co jubla for opprykk etter siger på bortebane mot Vålerenga hausten 2000.

Situasjonen liknar på den Sogndal er oppe i ni år seinare. Fredag er det igjen kvalik - denne gongen borte mot Kongsvinger.

- Det som er viktig i sånne kampar, er at vi torer å spele spelet vårt og gjere det vi er gode på. Då veit vi at vi er gode nok til å ta Kongsvinger, seier Glomnes.

Må slå Kongsvinger

Han meiner Hønefoss vann ein fortent siger over hans eige lag på søndag - sjølv om det stod 0-0 og kampen sånn sett levde heilt til dommaren bles av på overtid.

No ventar eit nytt nålauge for Sogndal:

Fredag går den første kvalikrunden med bortekamp mot Kongsvinger. Skulle det bli tap der, er Sogndal ute av dansen om opprykk til neste års eliteserie.

Kan avgjere på heimebane

Skulle det derimot bli siger, skal Sogndal spele to kampar mot vinnaren av kvalikoppgjeret mellom Fredrikstad og Sarpsborg 08.

Den første går eventuelt på bortebane 9. november. Sogndal kan dermed få fordelen av å spele den avgjerande returkampen på heimebane 12. november.

Dette er det skjematiske kvalikoppsettet:

  • Kamp 1 (6. november): Fredrikstad - Sarpsborg 08
  • Kamp 2 (6. november): Kongsvinger - Sogndal
  • Kamp 3 (9. november): Vinnar av kamp 1 - vinnar av kamp 2
  • Kamp 4 (12. november): Vinnar av kamp 2 - vinnar av kamp 1

Trur på ny suksess

Men skal det bli avgjerande kvalikfinale på Fosshaugane, må Sogndal vinne mot Kongsvinger på fredag. Og den tidlegare trenaren har god tru på at Sogndal kan fikse biffen på bortebane.

- Vi er nokså jamne heime og borte, og eg ser ikkje bortebane som eit minus. Kongsvinger får presset på seg - og det skal vi utnytte, seier Glomnes.