Hopp til innhold

Slik kan rassikringa på riksveg 13 bli

Statens vegvesen er nett ferdige med forprosjektet for skredsikring av riksveg 13 mellom Vangsnes og Vik. Dei tilrår ei tunnelløysing med tunnelpåhogg sør for Kyrelvi.

Rassikring rv. 13

ALTERNATIV TO: Veg frå Vetleøyri til nytt tunnelpåhogg sør for Kyrelvi.

Foto: kart / Statens vegvesen

Forprosjektet vart presentert for kommuneleiinga i Vik på eit møte måndag. Tre ulike alternativ er vurderte. Tilrådinga om tunnelpåhogg like sør for Kyrelvi blir lagt til grunn for vidare planlegging. Ved å la den 2,8 kilometer lange tunnelen starte her, unngår ein å gjere store skadar på Vikøyri.

Det gler ordførar i Vik, Marta Finden Halset, stort.

– Det betyr mindre skadar, og det vil vere mykje meir skånsamt for Øyri, seier Halset.

Riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes er ein del av den indre vegruta frå Kristiansand til Sogndal via Haukeli og Voss.

Er svært skredutsett

Vegen mellom Vik og Vangsnes er til dels veldig smal, og har vore mykje utsett for skred og ras.

Det er registrert 133 skred i perioden 1986 til 2012, og terrenget er svært sidebratt, difor er det vurdert slik at berre ein tunnel vil kunne løyse dette problemet.

For skuleborn på Vangsnes, er dette einaste vegen til mellomtrinn og ungdomsskule i Vik.

– Eg er veldig glad for at dette kom på NTP og at vi fekk vedtak for dette rassikringsprosjektet. Så er det slik at når ein ventar på noko positivt, så tykkjer vi alltid det går seint. Men det er mykje planarbeid som skal på plass, seier Halset.

Ho understrekar at arbeidet er i full gang. No startar arbeidet for kommunen.

– Vi må få på plass reguleringsplanar og godkjenne desse. Vegvesenet seier det kan bli anleggsstart i 2016, og det satsar vi på, seier Halset.

Har vurdert tre alternativ

Reguleringsplanen bør vere godkjend i løpet av 2014 med tanke på anleggsstart i 2016.

Vegvesenet har vurdert to andre stadar for tunnelinnslag, påhogg ved Lahammaren og påhogg ved Naustgrovi.

Påhogg ved Lahammaren vert av Vegvesenet vurdert som dårlegast, då det vil bety påhogg i utkanten av skredområdet, med fare for nye skred. Det er også knytt uvisse til fylling i sjø og rundt massar ved påhogg.

Dette alternativet vert også av Vegvesenet vurdert som dårlegast når det gjeld ulemper i byggjefasen.

Vil koste nær 700 millionar kroner

Alternativet ved Naustgrovi er vurdert som dårleg på grunn av stort inngrep på Vetleøyri. Også når det gjeld trafikktryggleik, kjem dette alternativet dårlegast ut. Her er det også uvisse rundt lausmassetunnel og stabilisering ved påhogg. Dette vil også vere det dyraste alternativet.

Vegvesenet tilrår difor Kyrelvi som påhogg i sør. Dei legg til grunn at overskotsmassar av stein vert køyrde til Bødalen, for å seinare kunne nyttast ved bygging av Vikafjellstunnelen.

Med desse føresetnadene gir berekningane ei kostnadsramme på 610–850 millionar kroner. Mest sannsynleg kostnad er om lag 680 millionar kroner.