Hopp til innhold

Stod på ski ned frå 1116 moh - i sognebunad

Andrea Fiskaa Haugen (15) frå Gaupne var ikkje sein å be om å stå på telemarksski ned frå Molden (1116 m.o.h.) - i bunad!

Andrea susar ned frå Molden

PERFEKT: – Det er ein lett jobb å ta bilete når ein har modellar som Andrea og location som Molden, seier fotograf Håvard Nesbø.

Foto: Håvard Nesbø

– Håvard (fotografen) spurte pappa, og så spurte dei meg. Og eg tykte det høyrdest kjekt ut, så det ville eg sjølvsagt bli med på, seier Haugen.

Det høyrer med til historia at 15-åringen er godt van på ski, og er blant talenta av telemarkskøyrarar i indre Sogn. Men i bunad har ho aldri stått på ski før.

– Eg var bitte litt skeptisk på om det gjekk. Og så var eg litt redd for bunaden sjølvsagt. Men eg tenkte at vi kunne no prøve, seier Haugen.

Dermed vart pappa Jan Sølve Haugen brukt som pakkesel for å få bunad, sølv og skiutstyr vel opp på Molden frå Krossen.

– Bunaden er jo ganske tung, i tillegg til at han tek stor plass, så det var greitt med berehjelp, smiler Andrea Fiskaa Haugen.

Ramla ikkje ein einaste gong

Bileta vart tekne 25. mai i strålande sol frå fjelltoppen som for mange er kjent som den med absolutt flottast utsikt i heile Luster.

– Vel oppe var det berre å hoppe i bunaden og få alt på plass, seier Haugen.

Deretter var det berre å svinga seg elegant frå side til side nedover fjellsida på Molden mot Marifjøra, med ein glitrande Lustrafjord som bakteppe.

– Det var litt absurd, men veldig kjekt. Og det er eit minne for livet. Ikkje datt eg ein einaste gong heller, ler Haugen.

For fotograf Håvard Nesbø var ikkje Molden eit tilfeldig val. Han hadde fått rimeleg frie taumar berre han tok eit fint framsidebilete til magasinet for Lustramarknaden.

– Molden vart plukke ut fordi ein då får med alt i eitt i Luster. Natur, kultur, fjord, tradisjon og framtida, altså ungdommen, seier Nesbø.

Andrea Fiskaa Haugen

BUDEIE: – Eg kjende meg nesten litt som ei budeie der eg suste nedover, seier Andrea Fiskaa Haugen.

Foto: Håvard Nesbø

Har tenkt på det lenge

Han var oppe dagen før for å sjå seg ut kor det beste biletet kunne takast.

– Ein treng ikkje alltid oppsøkja dei høgste og brattaste fjella for å få flott skikøyring eller gode motiv. Eg har tenkt på dette lenge, så det var stas å endeleg få brukt det til noko skikkeleg kult, seier Nesbø.

Han er imponert over innsatsen til 15-åringen.

– Det er ikkje alle som hadde teke med seg bunaden i høgfjellet til dette bruket. Men ski og bunad funkar fint saman. Andrea er knallgod på ski, og vi fekk akkurat det vi var på jakt etter, seier Nesbø.