Hopp til innhold

Få syriske flyktningar i jobb: Mohamed (16) vil snu trenden

Over åtte år er gått sidan tusenvis av syriske flyktningar kom til Noreg. Berre halvparten er i arbeid, viser fersk SSB-rapport.

Lazkeen Ibrahim Alkhalil og sonen Mohamed

Mohamed Alkhalil kom til Noreg saman med far Lazkeen i 2015. Dei var ein del av den store flyktningbølga som SSB no har skrive rapport om.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Eg drøymer om ein jobb «offshore». Eg vil ha ein så godt betalt jobb som mogleg, så eg kan forsørga familien.

16 år gamle Mohamed Alkhalil sit i stova med familien og pratar om framtida.

Han går på vidaregåande skule i Bergen, men som åtteåring kom han til Noreg saman med faren Lazkeen Ibrahim Alkhalil.

Dei var to av nesten 12.000 menneske som flykta frå borgarkrig i Syria og søkte asyl i Noreg i 2015 og 2016.

Lazkeen Ibrahim Alkhalil og sonen Mohamed

Mohamed går på teknikk- og industrifag på vidaregåande og ynskjer seg jobb «ute i Nordsjøen»

Foto: Synne Sørenes / NRK

Då opplevde Noreg den største flyktningbølga sidan krigane på Balkan på 1990-talet.

No har SSB ute ein heilt ny rapport om korleis det har gått med flyktningane som kom i den tida.

Tala viser at berre 51 prosent av dei som kom frå Syria hadde jobb i 2022. Talet for heile den norske befolkninga var på 71 prosent same år.

– Det er vanskeleg å koma til eit nytt land som vaksen. Ein må læra språket og ta utdanning. Ein er heilt avhengig av utdanning her, seier far Lazkeen.

Tala viser også at 18–19 prosent av dei syriske flyktningane tok utdanning i 2022.

– Vanskeleg å få jobb utan fagbrev

NRK følgde Lazkeen og Mohamed då dei først kom til Noreg i 2015.

I serien «Mottaket» fekk ein sjå korleis dei opplevde å bu på asylmottak og korleis det var då mor, søster og bror endeleg fekk opphaldsløyve i Noreg etter 14 månadar frå kvarandre.

– Då me innsåg at me måtte flykta, var det Noreg me ville til. Her var det trygt, med gode skular, seier Lazkeen i dag.

I Syria hadde han fleire ulike jobbar, mellom anna med å levera brus til bedrifter og selja møblar.

Men i Noreg vart vegen til arbeidslivet vanskelegare, spesielt utan utdanning. No har han akkurat fullført grunnskuleutdanninga, medan kona går siste året.

– Eg vil veldig gjerne jobba og vil ikkje gi opp. Men det er vanskeleg å få jobb utan fagbrev eller liknande. I tillegg slit eg med smerter i ryggen, seier han.

Lazkeen og sønnen Mohamed ble sendt fra Bergen til et mottak i Hitra. Nå har de fått oppholdstillatelse - men får de flytte tilbake til Bergen?

Lazkeen og sonen Mohamed blei sendt frå Bergen til et mottak i Hitra. Nå har de fått opphaldsløyve – men får de flytte tilbake til Bergen?

Færre i arbeid enn andre grupper

Statssekretær Kjetil Vevle (Ap) i Arbeids- og inkluderingsdepartementet seier dei har ei klar forventning om at alle flyktningar skal integrerast raskt, læra seg språket og koma seg i arbeid.

Målet er at alle skal forsørgja seg sjølve. Me må heile tida sjå på korleis me kan gjera overgangen til arbeid enklare. Me vil i løpet av våren levera både ei integreringsmelding og ei arbeidsmarknadsmelding, seier han.

Det kom også flyktningar frå andre land i 2015 og 2016, sjølv om syrarar var den desidert største gruppa på 46 prosent.

Tala frå SSB viser at sysselsetjinga er høgare i dei andre gruppene. Ser ein på alle flyktningane samla er sysselsettinga på 57,8 prosent.

Flyktningane frå Eritrea stikk seg ut, der 75 prosent er i arbeid.

Det er vanskeleg å peika på enkelte årsaker til skeivfordelinga. Det me veit er at alle har ulike utgangspunkt når dei kjem til Noreg. Helse, utdanning og årsak til at ein må flykta varierer frå person til person, seier Vevle.

For alle gruppene er sysselsettinga aukande. Også for syrarane ser ein ein jamn auke, men han er noko svakare enn for 2015/2016-kullet i alt.

– Både andelen sysselsette og andelen med fulltidsjobb aukar med butida, forklarar Bjørn Olsen i SSB.

Fleire i utdanning

SSB sine tal viser også at langt fleire av dei syriske flyktningane tok utdanning i 2022, samanlikna med dei andre gruppene.

– Det kan nok forklara noko, men når me legg saman andelane i arbeid og under utdanning, så vil det framleis vera noko forskjell, seier Olsen i SSB.

Syriske kvinner peikar seg ut som den gruppa som i størst grad er i utdanning. Det er ei viktig investering for den enkelte og for samfunnet, og i tråd med god norsk integreringspolitikk, seier Vevle.

Lazkeen Ibrahim Alkhalil og son og kone

Foreldra til Mohamed seier dei er stolte av dei sonen får til og draumane han har for arbeidslivet.

Foto: Synne Sørenes / NRK

I Bergen går Mohamed på linja for teknikk- og industrifag på vidaregåande. I tillegg jobbar han deltid på butikk og restaurant.

– Det er enklare for dei unge. Han lærte seg språket fort og forstår systemet. For oss eldre er det ikkje like enkelt, seier far Lazkeen.

Han meiner det hadde vore enklare dersom ting gjekk raskare i Noreg.

– Det kan ta lang tid å få ein plass å bu eller starta norskundervising. Alt tar tid. For eksempel søkte me om statsborgarskap for to år sidan. Me ventar framleis på svar, seier han og legg til:

– Men dette er veldig viktig: Me er glade me kom til Noreg. Her er det fritt og trygt. Her kan ein seie det ein vil. Kva heiter det?

– Ytringsfridom, seier Mohamed og gir ein tommel opp.