Hopp til innhold

Slik fekk dei bilen på vegen att

E39 var stengd i fleire timar etter at ein russisk semitrailer køyrde seg fast. Heller ikkje bergingsjobben var fort gjort.

Med hengaren hengande høgt oppe i lufta vart den utanlandske semitraileren ståande godt planta i grøfta etter ei utforkøyring på E39 i nærleiken av Myrmel i Gaular.

Bilen sperra det eine køyrefeltet av E39, men det var først passering for både store og små køyrety. Etter kvart vart vegen stengd og det danna seg lange køar på staden.

Det måtte til slutt to bilbergingsbilar til for å få bilen på vegen att. I nær to timar vart det jobba med list og lempe for å få semitraileren på vegen att.

– Bilen stod ganske spesielt til, så det tek litt tid å få gjort unna ein slik jobb, seier dagleg leiar Arild Tistel i Førde Bilberging til NRK.no.

For tyngdekrafta jobbar ikkje på lag med mannskapet i bilberginga i slike situasjonar. Til alt hell hadde ikkje bilen lass, men likevel er det vel 25 tonn dei må hanskast med.

Når bilen i tillegg står så vanskeleg til, tek det litt tid forklarar Tistel.

– Her stod hengaren og trykte i trekkvogna, medan trekkvogna berre hang i hengaren. Så vi måtte løfte og dra litt om ein annan for å få den laus, fortel Tistel.

Jobben er ikkje utan risiko, og mannskapet må alltid setje tryggleiken først. Like over klokka 19.30 vart vegen opna att, nær fem timar etter at bilen køyrde av vegen.

Har teke bilen i arrest

Tysdag kveld jobba Førde Bilberging framleis med å få betalt for oppdraget. Det har ikkje lukkast og selskapet har difor vald å sperre inne bilen fram til dei får betalt for oppdraget.

Politiet har lagt ned køyreforbod på bilen. Årsaka er at festet mellom hengar og trekkvogn vart vridd sund i samband med uhellet. Politiet krev at dette blir ordna før bilen før køyre vidare. For å sikre seg at bilen ikkje stikk av har dei teke beslag i nøklar, førarkort og vognkort.

Det er ikkje lenge sidan sist Tistel hadde folk ute for å berge ein annan bil på nesten same stad. Berre vel 50 meter unna var det då ein semitrailer som gjekk heilt rundt.

Vogntog utfor vegen på E39
Foto: Hege Karin Johnsen