Hopp til innhold

Slik bur dei seg på ekstremvêret

Ei atmosfærisk elv frå tropane er på veg innover landet. Fleire kommunar skalkar lukene og førebur seg på stormen.

Fleire kommunar jobbar no på spreng for å bu seg på det innkommande vêret.

– No grev vi fram alle sluka slik at dei kan ta unna regnet, seier Hans Petter Vereide ved teknisk etat i Stad kommune.

Langt under snø og is ligg kummar og avløp spreidd rundt i gatene på Nordfjordeid. Og alt må fram før regnet tek seg opp.

I førre veke kom det uvanleg store snømengder i Sør-Troms, som gjer at alle ledige hender må i arbeid for å hindre nye problem når mildvêret kjem.

Vi har skrapa vekk mykje snø frå vegane slik at det ikkje vert so mykje sørpe når mildvêret slår til, seier avdelingsleiar Andre Jensen i Harstad kommune.

Snøkaos Harstad

STORE MENGDER: Brøytemannskap var i sving til seint på kveld i går for å fjerne snø frå Harstad før mildvêret kjem, fortel Jensen.

Foto: Børge Hoseth / NRK

Fremtind Forsikring seier til NRK at det ikkje berre er kommunane som bør ta eit blikk på eigedomane sine.

Som huseigar er du pliktig til å gjere førebyggande tiltak mot sannsynlege naturskadar.

– Om du enno ikkje har sikra eigedelane dine, er det framleis tid til å gjere det, seier skadeførebyggar Therese Nielsen i Fremtind, forsikringsselskapet til Sparebank 1 og DNB.

Ho seier dei ventar ei røys med skademeldingar etter vêret.

Denne gongen er det varsla

Statsforvaltaren i Vestland har bedd kommunane om å byrje førebuande tiltak og å kontakte lokalt politi for å risikovurdere vêrforholda.

Else May Norderhus er statsforvaltar i Møre og Romsdal og ber folk om å førebu seg på vêret som kan treffe fylket onsdag. Ho kjem med ei klar oppfordring:

– Folk bør halde seg heime. Ver førebudd på at straumen kan gå eller slike ting. Ikkje utfordre situasjonen, men ha heller to rolege dagar heime. Det er absolutt det beste rådet eg kan gi.

I dei nordlegaste delane av Innlandet er det sendt ut farevarsel på oransje nivå.

– Vi veit av erfaring at det er vanskeleg å seie kor eit slikt vêr hamnar, seier fylkesberedskapssjef i Innlandet, Asbjørn Lund.

Skjåk kommune er ein av dei kommunane som har sett i gang ei rekke tiltak. Dei har framleis haustflaumen i 2018 friskt i minnet.

– Denne gongen er det varsla, og det er klart at det er ei stor forskjell. I 2018 var ingenting varsla. Vi har førebudd det vi kan på veg og vatn, så vi har gjort det vi kan gjere, seier ordførar Edel Kveen (Sp).

storm

Atmosfærisk elv

Dette er ikkje første gang ei «atmosfærisk elv» der tropiske luftmassar med vassdamp vert frakta over til våre breiddegrader av kraftige vindar i atmosfæren.

I 2015 trefte ekstremvêret «Synne» Rogaland og Vest-Agder.

Mykje nedbør, snøsmelting høgt til fjells og frosne marker som ikkje kan ta unna vassmengdene. Summen av desse tre bekymrar NVE.

I tillegg kjem ein varm fønvind som set fart på snøsmeltinga.

– Vi kan få jordskred, sørpeskred og flaumskred seier Brigt Samdal, direktør for skred og vassdragsavdelinga i NVE.

NVE har sett beredskap og sender ut folk frå regionkontoret til forskjellige stadar i landet for å assistere.

– Dette er ein situasjon som trigger mykje mannskap og stor arbeidsinnsats for oss, seier Samdal.