Hopp til innhold

Slik blir festivalsommaren din!

Gjer deg klar for ein intensiv festivalsommar i Sogn og Fjordane - her har du oversikta over noko av det som skjer.

DDE

KLAR FOR FESTIVAL: Trøndergruppa D.D.E er mellom dei mange artistane som i sommar skal spele på ei scene i Sogn og Fjordane. Dei er klare for FotballFlora i Florø i juli.

Foto: Pressefoto

Det går knapt ei helg utan at det er ein eller annan spennande festival på gang i Sogn og Fjordane denne sommaren.

Har du tips om noko som ikkje står på lista og som skjer i juni, juli og august? Då kan du sende ei epost til oss: sf@nrk.no.

Her har du oversikta - no kan du planleggje sommaren i eige fylke:

Juni:

Norsk Brefestival i Jostedalen, 3. - 6. juni - med bre, ski, kultur og moro

Sommarfest i Sunnfjord 4. - 5. juni i Førde. Petter Pilgaard, Karpe Diem, Bjørn Hellfuck, Donkeyboy og Ralph Myerz.

Glopperock 11. - 12. juni: Ein av dei eldste festivalane. Åge Aleksandersen og Sambandet, Keep of Kalessin, Audrey Horne.

Gøyanger 12. juni: Familiefest i Høyanger med m.a. det tradisjonsrike Trappeløpet.

Sildebordet 18. juni: Gratis sild til folket med langbord i hovudgata i Florø sentrum.

Kinnaspelet 19. og 20. juni. Songen ved det store djup. Sidan 1985 har vel 78.000 peronar sett spelet.

FloAktiv 21. - 26. juni. Aktivitetsveke i Stryn.

Stor 4H-leir 24. - 27. juni. Aurland. Leirkveld og konsert, turprogram, leirdueskyting, skyting og samarbeidsaktivitetar.

Måløydagene 25. - 27.juni. Lokkar med Bye & Rønning, Erik ”Krem Nasjonal” Solbakken, Håvard Lothe og stort skateboardshow med Norges beste utøvarar.

Storehesten opp 26. juni i Gaular. Motbakkeløp.

Juli:

Nordsjøporthelga i Bulandet og Værlandet 2.- 4. juli. Aktivitetar, marknad, familiedans, familedag og konsertar. Dette og meir til kan du oppleve første helga i juli.

Seljumannamessa 4. juli i Selje

Førdefestivalen 8. - 11. juli. Musikkfestivalen i Førde feirar undertrykte artistar frå heile verda.

FotballFlora 8. - 11. juli i Florø. Programmet spenner frå Liverpools legender til konsert med DDE, The Commitments. Cruiseskip med passasjerar frå Liverpool legg til kai.

Vikingrock 13. - 18. juli i Gudvangen.

NM i gammaldansmusikk 14. - 18. juli. Landsfestivalen med fleire tusen besøkande, festivalcamp.

Norsk Country Treff 15. - 18. juli på Breim. Årets hovudartist er Patty Loveless.

Skjærgårdstreff i Askvoll sentrum 16. - 18. juli. Aktivitetar og moro for både store og små, med yrande folkeliv og masse båtar.

Sande Dansefestival 22. - 24. juli i Gaular.

Malakoff Rockfestival 23. - 24. juli på Norfjordeid.

Aurlandsmarsjen 25. juli. Marsjen blir arrangert for 30. gong.

Utkantfestivalen 29. juli - 1. august i Skjerjehamn. Blant andre Paperboys, Ralph Myerz, Ole Paus og Bergtatt.

Krabbefestival på Atløy 30. juli - 1. august. Har du lyst å lære å reinske krabbe på skikkeleg vis? Det blir krabbebord, salsborder, musikk og mykje anna.

Fresen 30. juli – 1. august i Fresvik. Eitt av trekkplastera er P3-favorittane Grand Island.

Motbakkeløpet Trollenykjen 31. juli. Nystarta motbakkeløp på Nordfjordeid. Start ved Eid stadion og målgang 4 km og 900 hm høgre oppe på Trollenykjen.

August:

Fiskefestival i Sunnfjord: 4. - 7. august

Målrock 6. - 7. august i Årdal. Artistane i Meieriparken er m.a. DumDum Boys, Sivert Høyem, Bob Hund, DeLillos og Bjørn Hellfuck.

Dalsfjordveka 6.- 15. august

Fritjofspelet 6. - 7. august på Vangsnes. Fiend og Elskar.

Norsk Vandrefestival: 7. - 15. august - guida vandreturar til rundt 30 ulike turmål i Nordfjord.

Fosserock: 7. august i Gaular. Ikkje alt er avklara, men A1 kjem.

Skåla opp 14. august i Loen. Motbakkeløp 1848 meter rett opp.

Operahelg på Åmot gard 20.- 21. juni

Gaularfjellet opp: 22. august. Sykkelløp.

Rundballefestival 27. - 29. august i Fjærland.

Vinnie i Paperboys

KLAR FOR FESTIVAL: Vinnie og Paperboys spelar under Utkantfestivalen i Skerjehamn i månadsskiftet juli-august.

Foto: Øystein Sanne/NRK