Hopp til innhold

«Eit av dei beste i moderne tid»

Sundag vart LerumCup 2014 avslutta med siste skyttarstemne i Sogndal og Leikanger. Cupen veks seg større og større, og no vil arrangørane utvide enno meir.

Lerum Cup 2014

REKORD: 500 skyttarar deltok i årets Lerum Cup. Olav Skarsbø, som er ein av arrangørane, vonar dei skal klare å vakse seg enno større i åra som kjem.

Foto: Olav Skarsbø

– Det har gått svært bra. Vi har hatt ei utruleg flott helg. Mykje god skyting, stor deltaking, og flotte resultat, seier leiar i Leikanger Skyttarlag, Olav Skarsbø.

LerumCup 2014 gjekk frå fredag til sundag. Cupen vert arrangert av fem skyttarlag: Knipenborg frå Årdalstangen, Farnes i Øvre Årdal, Fortun frå Luster kommune, Sogndal og Leikanger. I løpet av helga har det vore eit stemne på kvar stad.

– I staden for å arrangere kvar våre stemne, har vi gått saman. Eg trur eg kan sei at dette har vore kanskje eit av dei beste skyttarstemna som har vore arrangert i moderne tid, seier Skarbø.

Det er femte året Lerum cup vert gjennomført. Og Skarsbø seier alt har klaffa.

– Vi har vore utruleg heldige med vêret. Det har vore sol, vindstilt og gode skyteforhold. Vi har ikkje hatt tekniske problem. Det har vore eit draumearrangement for oss.

Deltakarrekord

Og skyttarane ser også på det som eit draumearrangement, seier skyttarleiaren.

– Dette har treft skyttar-Noreg. Her kjem skyttarar frå heile sør-Noreg. I år var vi rundt 500 deltakarar, og det er nok rundt 100 opp frå i fjor. Det er veldig stort!

Landsskyttarstemnet samlar 5-6 tusen deltakarar. Og dei tre stemna i Noregscupen er også større. Men cupen i Sogn veks.

– Lerum Cup er vorte det tredje største banestemne i landet. Det veldig stort det me har fått til. Det er tydeleg at skyttarane likar dette. Ramma rundt er flott, denne tida på året i Sogn er fantastisk. Skyttarane kan ikkje få det betre, seier Skarsbø.

Og det gjer at dei no vil utvide og utvikle stemnet vidare.

Jon-Hermann Gegg

TALENT: Jon-Herman Hegg, som vart nummer tre i klassen Eldre Rekrutt

Foto: Olav Skarsbø

– På god veg til å få til noko større

Vinnar av LærumCup 2014 vart Trond Bergan frå Jondalen Skyttarlag, som held til i Kongsberg kommune.

– Det er litt artig, for Kongsberg er eitt av laga i Lågen Cup, ein cup som er heilt lik Lerum Cup, som er lagt opp på same måte, seier Skarsbø.

Arrangørane av dei to cupane samarbeider allereie.

– Vi startar no med ein ungdomscup, der dei som skyt begge cupane får eit samanlagtresultat. Dette tenkjer vi å vidareutvikle framover saman med Lågen-cup.

Han seier dei planlegg å utvide.

– Kanskje kan Lerum Cup og Lågen Cup saman verte enno større enn vi er no. Det er interessant, vi er på god veg til å få til noko enno større.

Og korleis gjekk det skytinga for Skarsbø?

– Det trur eg ikkje er noko å skrive om, ler skyttarleiaren.

Familien Skarsbø

SKYTTARFAMILIE: Heile gjengen driv med skyting, og alle skaut i LerumCup 2014. Frå Venstre: Olav, Agathe, Amalie og Vidar Skarsbø

Foto: Bodil Dale

– Eg skyt for moro skuld og for å teste at bana fungerer Resultatmessig er det ikkje mykje å melde. Men det er moro å prøve.

– Så vi får ikkje ut av deg korleis det gjekk?

– Nei, eg er betre som arrangør og administrator enn som skyttar. Me har mange skyttarar som kanskje ikkje er like gode administratorar.

– Du konkurrerte mot dottera di?

– Ho er på same nivå som meg. Ho har ikkje skote så mykje. Me er ein familie med skyttarar, bortsett frå mora. Borna starta med skyting då dei var åtte, ti år gamle, og det er litt av grunnen til at eg er med.

Han seier ein av dei beste tinga med skyting er at det er for alle.

– Du kan drive med skyting frå du er åtte år til du er 80-90. Det er ein breiddeidrett der alle er velkomne, uansett kva nivå du er på. Det er alltid ein klasse du kan delta i. Her kjem skyttarkongar som er best i Noreg, og her kjem dei som skyt ein gong eller to i året.

LerumCup 2014 samanlagt

Namn

Skyttarlag

Farnes

Fortun

Knipenborg

Leikanger

Sogndal

Samanlagt

Trond Bergan

Jondalen

348(24)

349(21)

345(25)

347(21)

345(17)

1734

Halvor Thrane Svendsen

Rælingen

346(18)

348(20)

344(18)

346(14)

349(16)

1733

John Olav Ågotnes

Sartor

345(21)

345(21)

347(22)

344(17)

348(16)

1729

Arild Røyseth

Åsane/Hordvik

348(15)

346(22)

346(22)

343(13)

346(18)

1729

Vegard Solhaug

Aurland

346(17)

346(25)

344(17)

345(14)

345(16)

1726