Lars Ove Dulsvik frå Sogndal deltek denne helga på Lerum Cup.
Dette er eit arrangement av skyttarlaga i Sogn Lerum Cup. Over 461 deltakarar er meldt på dei fem banestemnene.
Det har etter kvart blitt eit av landets største skyttarstemne og fleire av landets toppskyttarar og tidlegare skyttarkongar er på plass.
Imponerer
Dulsvik imponerte stort med 350 poeng på dei tre første rundane.
– Det har gått veldig bra så langt. Første dagen gjekk kjempebra. Det er første banestemne der vi skyt ute i år. Dei tre første rundane var over all forventing, seier 14-åringen.
Skyttarstemne er allereie godt i gong og varer fram til søndag ettermiddag.
– I går er eg kjempenøgd med. Det er noko av det beste eg har skote ute nokon gong, fortel ein nøgd skyttar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Tenkte feil
Idag skaut han heime i Sogndal på føremiddagen.
– Då opna eg kjempebra på dei første omgangane. Den siste omgangen begynte eg bra med dei fem første skota, men på nummer seks miste eg fokus. Då begynte eg å tenkje poeng og resultat i staden for å tenkje på gjennomføringa. Då fekk eg ein niar der, fortel Dulsvik.
Idag fredag er det berre den niaren som er litt bitter.
Sogndalsguten seier han eigentleg er fornøgd med eit resultat på 349 poeng. Men han for å kunne ha full treff i dag måtte han ha tenkt litt annleis meiner han.
– Kom an, no må eg ikkje skyte niar. Det var det eg tenkte på i staden for å tenkje at no skal eg skyte eit godt skot, fortel han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Ein bonus om eg vinn
Dulsvik skyt i klassen eldre rekrutt og ligg førebels an til ein andre plass samanlagt. Men har og ein vinnarsjanse dersom han held fram med den gode skytinga.
– Han som er føre meg har tre poeng meir.
– Eg trur eigentleg ikkje at eg vinn, men eg har gjennomført ein bra konkurranse, om eg vinn er det berre ein bonus, seier Dulsvik.
– Utruleg kjekt
– Dette er eit kjempestort stemne. Det er landets største banestemne og det er bra at folk ifrå andre plassar kjem. Det er veldig stort og utruleg kjekt.
Han fortel at i skytemiljøet har ein det veldig moro og er sosiale på ein annan måte. Ein reise rundt i lag med fleire og har det rett og slett kjempekjekt.
– Dette er ein idrett der alle kan vere med uansett, seier den unge skyttaren.
- LES OGSÅ: