Venke Aarethun møtte Arafat sist i mai og kan fortelje at han alt då var svekt av sjukdom:
- Han hadde site innesperra i tre år i husarrest under heilt forferdelege forhold. Han har site i ein bunkers, og har ikkje kunna gå ut i frisk luft, seier Aarethun.
Men ho meiner likevel det var ein Yasir Arafat som var interessert i kva Palestinakomitéen og Aarethun heldt på med. Han hadde også humor og glimt i auga, og kunne ta ein fleip.
- For eitt år sidan hadde eg dottera mi meg, og når eg har kome att seinare har han vore oppteken av kvifor eg ikkje har ho med meg attende. Han hadde lyst til å treffe henne.
Trist
Venke Aarethun har møtt Arafat mange gonger. (Arkivfoto: NRK)
- Kva tenkjer du no når han ligg dødssjuk på ei sjukehus i Paris?
- Nei det er klart at for meg personleg er det trist. Det er ein mann eg har møtt mange gonger, og som eg har site og snakka mykje med og fått mange gode historier og minne frå. Men samstundes er det trist politisk, fordi det er ein stor leiar som går bort.
Fryktar intern strid
- Kva konsekvensar fryktar du?
Det verste scenarioet vil jo vere at palestinarane tek til å kjempe internt slik dei gjorde i Libanon. Men ein får håpe at palestinarane greier å samle seg i ein så vanskeleg situasjon, seier Venke Aarethun.