Hopp til innhold

Skulle gå i fotspora til Kong Sverre

Sju danskar og ein nordmann skal følge den 60 kilometer lange reisa, som Kong Sverre og 400 birkebeinarar tok for over 800 år sidan.

Sju danskar og ein nordmann skulle gå i fotspora til Kong Sverre.

BIRKEBEINARAR ANNO 2015: Sjå turfølgjet sin strabasiøse ferd frå Flåm mot Bergen. (FOTO: Halvor Farsund Storvik)

Turfølgjet hadde tenkt å bruke sju dagar på reisa frå Flåm til Mjølfjell i Hordaland og tilbake att.

– Eg vil gjerne sjå om vi klarar å gjennomføre reisa i 2015. I tillegg vil eg at dei sju danske vandrarane skal få oppleve den praktfulle norske naturen, seier turleiar Jens Grønlund.

Kong Sverre var på krigartokt til Bergen, men ifølgje segna måtte dei 400 birkebeinarane gjere vendereis nokre mil frå Voss grunna hard motstand frå lokale bønder.

For dei reisande i 2015 vart det ikkje eit brutalt møte med bønder, men med den bratte norske naturen og mykje snø som skapte problem allereie den fyrste dagen.

– Det er heilt flatt i Danmark. Så dette er ei utfordring for oss danskar, men ein får mykje energi frå naturen. Det er så storslått her, seier ein av dei danske turgåarane, Erik Cristensen.

Planen om å nå Mjølfjell gjekk i vasken og ruta vart om lag halvert. Men minna frå turen vil vere med dei.

– Sjølv om det har vore harde dagar, somme med regn og andre med sol, så har det vore ei fantastisk oppleving, fortel Cristensen.

I fotspora til Kong Sverre