Hopp til innhold

Ein skuleturné har avslørt minst tre seksuelle overgrep mot born i Sogn og Fjordane

Ein skuleturné som når rundt 1000 elevar i Sogn og Fjordane gir informasjon om seksuelle overgrep og får uheldige forhold fram i lyset.

Info om seksuelle overgrep

NYTT FOR MANGE: Flaut, men lærerikt å bli informert om seksuelle overgrep, seier elevar på Slåtten skule.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I desse dagar reiser Senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO) rundt til sjetteklassingar i fylket for å snakke om temaet.

I kjølvatnet er både overgrep og usunn kontakt avslørt og forhindra.

Skilnaden på gode og vonde berøringar er berre byrjinga på å snakke om vanskelege ting. Senter mot incest og seksuelle overgrep er på besøk i sjette klasse ved Slåtten skule i Førde.

(Artikkelen held fram under biletet).

Chatrine Elholm

INFORMERER 1000 BORN: Chatrine Elholm fortel elevar på Slåtten skule om overgrep.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Har avdekt og forhindra overgrep

Denne skulen er eitt av mange stopp på deira turné gjennom Sogn og Fjordane, ein turné som alt har gitt resultat, seier dagleg leiar Chatrine Elholm.

– Vi har reist rundt i cirka eitt år no, og vi har avdekt overgrep og vi har forhindra overgrep.

– Det gjeld eit par jenter i sjette klasse som har hatt for tett kontakt med eldre gutar på nett, tilfelle der dei har kome akkurat til bristepunktet, og der dei har skjønt at dei har gått over streken. Dei har blitt redde, men ikkje skjønt korleis dei skulle kome seg ut av det.

(Artikkelen held fram under biletet).

Trude Merete Lundekvam

LÆRERIKT: Rådgjevar Trude Merete Lundekvam frå SMISO lytta til engasjerte elevar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I alle dei 26 kommunane

I tre reine tilfelle har dei avdekt born som lever med overgrep. I tillegg har dei stoppa farlege forhold som kunne ha utvikla seg.


Med 100.000 kroner i støtte frå fylkeskommunen når dei ut til minst ein skule i kvar av dei 26 kommunane i fylket, det vil seie over 1000 born. Utan pengane frå fylkeskommunen ville det ikkje ha gått, seier Elholm.

– Det er heilt avgjerande. Vi kunne ikkje ha reist rundt med dette førebyggande arbeidet utan den støtta.

Linda Bakke er dagleg leiar i stiftinga Fellesskap mot seksuelle overgrep. Ho seier omfanget er stort.

– Vi har fleire undersøkingar som viser ulike tal, men vi har ei stor undersøking som vart gjort av NOVA i 2007 som viser at 15 prosent jenter og sju prosent gutar er utsette for alvorlege seksuelle overgrep.

(Artikkelen held fram under biletet).

Linda Bakke

- SVÆRT UTBREIDD: Dagleg leiar Linda Bakke i Fellesskap mot seksuelle overgrep.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Har ikkje noko val

Desse tala gjer at dei no informerer alle elevane i sjette klasse om risikoen for å bli utsette for slike overgrep, seier Chatrine Elhiolm.

– Hadde tala vist noko anna enn det dei gjer måtte vi ha tenkt oss om fleire gonger før vi reiste rundt og informerte alle borna. Men når tala er så høge har vi ikkje noko val.

Linda Bakke fortel at det er pengar som avgjer kor mange besøk det blir.

– Det kan vere vanskeleg, så eg vil oppmode alle kommunane i landet om å sjå kor viktig det er at sentera driv med førebyggande arbeid i skulane, og at dei dermed bidreg med pengar til sentera.


Børge Vingsnes var ein av elevane som fekk ny lærdom.

– Eg lærde at dersom vaksne gjer dette mot oss veit vi at vi kan seie frå til trygge vaksne.

– Korleis var det å snakke om dette?

– Det var litt flaut, men lærerikt, for vi har ikkje høyrt så mykje om dette før.