Hopp til innhold

Fraktar skuleborna med båt: – Vi er redde alle saman

Foreldre kvir seg for å sette borna på skulebussen etter at store steinar dundra ned i vegbana i Hopstranda i Hyen førre veke. No blir elevane ved skulen frakta i skyssbåt for at dei skal unngå den rasfarlege strekninga.

NY SKULEVEG: Elevar på Solheim i Hyen blei frakta med båt til skulen for å unngå den rasutsette vegen.

– Når eg sender i veg borna, så er eg jo redd for at det skal kome fleire steinar. Klart det er tryggare å sende dei med båt, seier Anne Kristin Eimhjellen.

Ho har fire skuleborn og jobbar sjølv på Hyen skule. Dei siste dagane har det vore vanskeleg å kome seg på jobb og borna har vore heime medan vegen har vore stengd.

Anne Kristin Eimhjellen

IKKJE TRYGG: Anne Kristin Eimhjellen er bekymra når ho sender dei fire borna i veg med skulebussen langs den rasutsette vegen.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

No håpar dei på sikring av det rasfarlege området.

– Vi vil ha tunnel gjennom Hopstranda. Eg er ofte bekymra og vi likar ikkje denne situasjonen. Å køyre båt er ein måte å markere at vi er utrygge, seier Elias Eimhjellen.

Dei syntest det berre har auka på med steinsprang og ras sidan 2014.

– Så store steinar som det kjem no har det aldri kome før. Tunnel er den einaste løysninga for å få det trygt her, seier Elias.

Ein litt annleis skuletur

Hallvard er femteklassingen i familien Eimhjellen. Han tek på seg regnjakke og regnbukse for ein litt annleis tur til skulen.

– Eg har vore heime frå skulen nokre dagar på grunn av raset og det har vore kjedeleg, seier han.

Etter ein halvtime med buss, ventar ein båttur på nokre få minutt – i det som eigentleg er beredskapsbåten til Gloppen brann og redning.

Anders Ommedal og Hallvard Eimhjellen

TIL SKULEN: Anders Ommedal fekk nokre vendingar med båten måndag morgon då han frakta borna til Hyen skule.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Frykta er der

I båten sit sju skuleelevar med redningsvesten på. Båtførar Anders Ommedal er også lærar og brannmann.

– No brukar vi båten til å sikre liv, ikkje redde liv, seier han.

Det blei nokre stille dagar på skulen når 18 elevar og tre elevar var heime, men så lenge skuleborna ikkje har ein trygg skuleveg måtte det bli sånn.

– Vi som bur her veit veldig godt kor farleg den strekninga er. Det har kome mykje steinar ned i grøfta og litt i vegen som vi ikkje snakkar om, men frykta er der. Når det kjem til stykket er vi redde alle saman, seier Ommedal.

– Det er foreldra som har mest å seie i denne saka syntest eg. Viss dei ikkje føler at borna har ein trygg skuleveg må vi finne ei anna ordning.

Det set familien Eimhjellen pris på.

– Vi er veldig glade for at dei har sett opp båt. Vi blei jo veldig utrygge når det rasa ned så mange steinar som det gjorde, seier Anne Kristin Eimhjellen.