- SJÅ:
Fylkesveg 665 er stengd på strekningangen Fossebakken - Navelsaker og Otredalen på grunn av snøskred.
Aukande snøskredfare
Utover fredagen er det venta til dels store nedbørsmengder, noko som igjen vil påverke snøskredfaren.
- SJÅ:
- Enkelte stader kan ein komme opp i 50 millimeter på 24 timar. Det er ganske mykje. Det er heilt klart skredfare, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen.
- God del regn
Vinden kan auke på langs kysten utover dagen, men vil avta noko laurdag. Andersen fortel om ei våt helg.
- Både i dag og i morgon vil det komme ein god del regn. Over 800 til 1 000 meter vil nedbøren komme som snø, fortel statsmeteorologen.
Storesunde - Flo, Bødal - Loen og Briksdal - Olden var også stengd på grunn av skredfare, men er no opna att.