Hopp til innhold

Skjønar ikkje heilt kultstatusen

Stor etterspurnad frå tilhengjarar gjer at Oddvar Torsheim i dag gir ut den 19 år gamle CD-en «Nynorskens skog» i ny innpakning.

Video cb26fdda-174d-47d1-89f8-4de2b0210a24.png

Musikken starta som eit terapeutisk sidesprang, og for Torsheim er det viktig å driva med noko anna i tillegg til kunsten.

– Ein blir jo galen eller endå verre dersom ein ikkje gjer noko ved sidan av, seier Torsheim.

Nytt publikum

Mange kjenner no like godt til musikken som kunsten. Torsheim sin medverknad i program som Norske Talenter og Norges herligste har gjort han kjent for eit nytt publikum. Han kan ikkje heilt forstå populariteten.

– Det er jo veldig hyggeleg, men eg er jo ikkje høg og mørk, er jo stygg som nøkken, seier Torsheim.

Han håpar likevel at nyutgjevinga av den gamle CD-en vil bli godt mottatt av ungdomen.

Godt samarbeid

I samarbeid med svigerson Pål Bråtelund har han og planar om å gi ut tre til fire singlar med ny musikk i året. Den fyrste,«Solveigs aller siste song til sin EX...» kom ut før jul, og han er allereie i gong med teksten på den neste singelen, inspirert av Bob Dylan.

– Eg og svigersonen samarbeidar godt. Han er produsent, og eg er barnepike og spring rundt etter barnebornet i parken, seier Torsheim.

(Artikkelen held fram under bilete)

Oddvar Torsheim

INNLEVING: Torsheim meiner at det er viktig å utstråla energi på scena.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

Nye singlar

Planen er å jobba godt med kvar singel, og gi ut ein bra singel istadenfor ti halvgode. Torsheim håpar at singlane etterkvart blir samla på ein CD, men må ta tida til hjelp.

– Eg er ein knekt mann, men står oppreist. Eg må trekke pusten, skal jo male og, avsluttar Torsheim.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.