Hopp til innhold

Skeptisk til lyskunst på bru

Lokale planar om å lyssetje Dalsfjordbrua kan strande. Fylkeskommunen er nemleg lite begeistra.

Dalsfjordbrua slik ho etter planen skal sjå ut

NY BRU: Slik skal Dalsfjordbrua etter planen sjå ut når den står ferdig.

Det er firda.no som skriv at fylkeskommunen kan komme til å seie nei til at brua skal få ein lysinstallasjon.

Fjaler kommune har engasjert kunstnaren Merete Røstad til å lage ein installasjon midt på brua. Men kommunen har ikkje søkt om løyve til dette.

No har assisterande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer sendt eit brev til kultursjefen i Fjaler.

– Dette er ein fylkeskommunal eigedom og vi aksepterer ikkje at dette blir gjennomført utan løyve, seier Bremer til nettavisa.

Han peikar også på at installasjonen vil vere til sjenanse for innbyggjarane i området og at dei tidlegare har protestert mot planane.

Brua kjem til å koste omlag 500 millionar kroner og skal etter planen stå ferdig i desember 2013.

Video Dalsfjordbrua tek form

SJÅ TV-SAKA: Dalsfjordbrua tek form.