Hopp til innhold

Skalla til motspelar i siste kamp

Heimelaget fekk ei perfekt avslutning på sesongen då grøntrøyene frå Kaupanger vitja Måløy stadion.

Einaste skår i gleda for Tornado Måløy var det raude kortet som Thomas Taklo fekk etter å ha skalla til ein motspelar.

Sjølv med ein mann mindre vann TMFK greitt og fortent 5-0 over gjestene frå Kaupanger.

Tornado Måløy - Kaupanger 5-0 (3-0)

Kampen er i gang på Måløy stadion. Det er er frykteleg regnver og kraftig vind i Måløy i dag.

15 min. 1-0 Tore Rylandsholm. Klabb og babb etter corner og Rylandsholm sender heimelaget i føringa frå kort hald.

19 min. 2-0 John Martin Gil. Straffespark etter at Gisle Myhre blir felt av keeper.

40 min. 3-0 Martin Flåten. Hans fjerde mål på tre kamper. Nydeleg spel med åtte-ti trekk førte til scoring.

Pause. Heimelaget leiar fortent 3-0 etter halvspelt kamp. Etter 45 minutt i sterk motvind, avsluttar Tornado Måløy sesongen i medvind.

47 min. 4-0 Per Jarle Mathisen. Blir første TMFK-spelar med tosifra scoringar når han åleine med keeper aukar leiinga for heimelaget. Mathisen er no oppe i ti scoringar i år.

62 minutt. Thomas Taklo skallar til ein motspelar etter ein liten krangel. Heilt unødvendig og soleklart raudt kort.

75 min. 5-0 Per Jarle Mathisen. Fint forarbeid av John Martin Gil. Sjølv med ti mann køyrer heimelaget over Kaupanger sine 11 spelarar.

Kampen er slutt.