Hopp til innhold

Skal stogge råkøyrarane

Fylkesmannen trommar saman til møte om råkøyringa i Nærøyfjorden.

Nærøyfjorden
Foto: Skule Eriksen

LES OGSÅ: Skal ta råkøyrarane på Nærøyfjorden

- Eg vonar eit møte mellom aktørane på Nærøyfjorden er nok for at fartsgrensa vert halden, seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.

Øydelegg postveg

Det er eit kjent problem at fartsgrensa på åtte knop for båtar over 30 fot mellom Skalmenes og Bleiklindi ofte vert broten. Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn har også gjort fartsmålingar som stadfester dette. Yndesdal seier at det er eit stort problem for natur- og kulturmiljøet i strandsona av fjorden som står på verdsarvlista.

- Fjorden er så smal at bølgjene vert høge og får meir kraft. Dette fører til erosjon på strandsona, spesielt den kongelege postveg mellom Bleiklindi og Styvi, seier Yndesdal.

Turistbåtar og ferjer

I tillegg til alle aktørane på Nærøyfjorden, er også politiet, kystverket, hamnevesenet og kommunen invitert til møtet.

LES OGSÅ: - Råkøyrarar øydelegg Nærøyfjorden

- Cruiseskipa seglar seint inn fjorden. Dei representerar ingen trussel. Det er turistbåtane og ferjene som viser seg å vere problemet. Berre vi får farten ned i åtte knop, så er det ei god hjelp, seier Yndesdal.

LES OGSÅ: Redd Nærøyfjorden blir overbelasta

- Må vise respekt

Rein Arne Golf

Rein Arne Golf

Foto: Dag Harald Kvammen Anderssen / NRK

Det vart i fjor brukt store beløp på reperasjonar som følgje av bølgjene. Golf seier han har målt farten på båtar som ferdast på fjorden, men vil førebels ikkje offentleggjere resultata.

- Eg registrerer jamleg brot på verneføreskriftene, seier han. Golf trur kontroll og oppfølging er einaste medisin for redusert fart.

- Det som skal til er respekt for verneføreskriftene og fartsgrensa, seier han.