Hopp til innhold

Skal ruste opp postvegen

Den gamle postvegen gjennom Gulen skal rustast opp, og måndag startar arbeidet med å kartleggje kva som må gjerast. – Postvegane er viktige kulturminne som fortel om både vegbyggingsteknikkar til kommunikasjonslinjer, seier arkeolog Marit Anita Skrede som saman med ein kollega skal gå den 13 km lange vegen. Kartlegginga er ein del av eit større prosjekt på Den Trondhjemske postvei.

Bruhagen bru på postvegen i Gulen
Foto: Statens vegvesen