Hopp til innhold

Snart kan du reise på denne vegen etter GPS

Vegvesenet er ute for å kartlegge heile postvegen mellom Trondheim og Bergen.

Førde i Jølster - den trondhjemske postvei

FØRDE I JØLSTER: Slik har postvegen sett ut ein gong. No skal det bli lettare å finne desse vegstrekningane, slik at folk kan sjå dei i fargar.

Foto: K. Knudsen / KK-UBB

Vegvesenet er på ekspedisjon på den 200 år gamle postvegen. For no skal dei sjekke tilstanden på gamle ferdselsåra mellom Bergen og Trondheim. I tillegg skal alle strekningane med gamal postveg i Sogn og Fjordane skal kartleggast med GPS.

– Dette er eit kartfestingsarbeid som byrjar her på Utvikfjellet i dag, og som skal halde fram i åra framover, seier Marit Anita Skrede, som er prosjektleiar i Statens vegvesen.

Vegvesenet sjekkar tilstanden på gamle ferdselsåra mellom Bergen og Trondheim. Samtidig skal ruta inn på GPS'en.

SJÅ VIDEO: Statens vegvesen sjekkar tilstanden på den 200 år gamle vegen.

Kjerreveg

Med hestekjerre og robåt, blei posten frakta den 700 kilometer lange traseen.

Postvegen gjekk mellom anna forbi gardstunet i Moldestad, der bestefaren til Kari Jordanger hadde ansvaret for vegen. Ho har blitt fortalt historier om korleis dei brukte vegen før bilane kom.

– Når det var snø, kunne dei ikkje pløye vegen. Snøen måtte bli hardtrakka og så kunne dei pløye vekk det øvste laget. Då måtte tre hestar gå over før det var fast nok, seier ho.

Skal vere autentisk

Men sjølv om den gamle hovudvegen ikkje er heilt som den ein gong var, blir likevel ikkje noko endra med det aller første.

– Vi er her berre for å få ei oversikt over tilstanden. Men dersom det er noko vedlikehald som er prekært, så må vi kanskje vurdere det, seier Skrede.

Men dersom dei skal utbetre vegane, bør det helst ikkje gjerast på moderne måtar.

– Då er det ikkje autentisk. Det er ikkje slik det var då vegen vart bygd, seier Skrede.