Skal etterforske kidnapping

Politiet i Florø skal etterforske overfallet og kidnappinga av Reidar Osen i Bergen. Det melder TV2. Politiet i Bergen har ikkje klart å løyse saka etter at Osen vart overfallen og kidnappa av tre maskerte menn for to år sidan. – Vi har gått gjennom saka på vanleg måte, og vi har funne at her var det noko etterforsking som sto att, seier Ronny Iden til Firdaposten.