Hopp til innhold

Skal debutere i junior-EM

I sitt første EM skal Kim André Blikås konkurrere mot tre år eldre utøvarar.

Kim André Blikås i markløft

TIL EM: Kim André Blikås tek opp den sterke styrkeløft-tradisjonen i Sogn og Fjordane, og debuterer internasjonalt under junior-EM på hamar.

Foto: Oddbjørn Steen

- Det er veldig moro at eg vart teken ut. At det er på heimebane gjer at det er litt ekstra stas, seier Kim André Blikås.

Er nervøs og spent

Førdianaren er teken ut til junior-EM i styrkeløft for aller første gong. Meisterskapen går av stabelen på Hamar i midten av juni.

- Dette er mitt første EM - og den andre internasjonale mesterskapen etter Nordisk meisterskap om to veker, seier Blikås.

- Eg er litt nervøs og spent, kan du seie. Men det er slik det skal vere.

Blikås har hatt ei rakettliknande utvikling, etter at han for ikkje så mange år sidan starta opp med styrkeløft.

Stressar ikkje med medalje

No er han klar for sin første verkeleg store internasjonale meisterskap. Blikås skal delta i 100-kilosklassen i EM. I tillegg er lagkameraten Lars Andreas Bruland reserve til meisterskapen i 90-kilosklassen.

- Eg har ingen forventingar til meg sjølv når det gjeld plassering. Det er mitt første EM, eg er andreårs junior - og fleire av konkurrentane er tre år eldre enn meg. Så eg har ikkje hastverk med å få medalje, seier Blikås.

Tek opp stolte tradisjonar

Sunnfjordingen har ambisjonar om å løfte minst 800 kilo samanlagt under EM.

I styrkeløft er det øvingane benkpress, markløft og knebøy som utgjer samanlagtresultatet.

Tidlegare har Sogn og Fjordane hevda seg internasjonalt i styrkeløft med utøvarar som Alexander Høivik, Alexander Kirketeig og Jørn Høyset.

Kim André Blikås

LOVANDE: Kim André Blikås skal i aksjon mot tre år eldre utøvarar, og har ikkje hastverk med å ta EM-medalje.

Foto: Privat