Hopp til innhold

Nytt skademareritt for Myrkaskog – no ventar truleg operasjon nummer to i år

Han hadde nettopp kjempa seg tilbake etter eit langvarig skadeopphald. No må Øystein Myrkaskog bu seg på nye månader på sidelinja.

Øystein Myrkaskog

NY SKADE: Øystein Myrkaskog var knapt tilbake på bana før han pådrog seg ein ny alvorleg skade.

Foto: Glenn Thomas Nilsen

– Er det nokon som kan komme igjen frå noko slikt, så er det han, seier trenar Knut Erik Folland.

Same kne, ny skade

Førdespissen fekk seg ein smell i det venstre kneet tidleg i kampen mot Lyn sist søndag. MR-undersøkinga viser no at det er det fremre korsbandet som har roke.

Det er dårlege nyhende for Myrkaskog, som for to veker sidan var tilbake på fotballbana for første gong sidan kneskaden han pådrog seg i april.

Den gongen var det leddbandet på utsida av kneet som rauk.

– Så det er ikkje same skaden, men det er det same kneet, seier Folland.

– Korleis tek han det?

– Øystein er kjempesterk han, men det er klart at dette er tungt å svelge etter den opptreningsperioden han har vore igjennom. Men er det nokon som kan komme igjen frå noko slikt, så er det han, seier førdetrenaren.

Ute minst like lenge som sist

Folland seier dei vil sakne storscoraren i serieinnspurten.

– Han er ein utruleg viktig bidragsytar for gruppa, både på bana og elles i kvardagen. Men det verste er for Øystein sjølv. Med tanke på kor mykje han jobbar for å bli betre, så er dette eit tungt tilbakesteg i karrieren hans, seier Folland.

Før han legg til:

– Eg er overbevist om at Øystein kjem tilbake like sterk som han har vore.

Trenaren kan ikkje seie nøyaktig kor lenge Myrkaskog no vil vere utanfor spel. Men at det vil ta tid er heilt opplagt.

– Dette må nok opererast, så det går nok minimum like lenge som sist, seier Folland, som håper at ein eventuell operasjon vert avklart så raskt som mogleg.

Sterkt medverkande

Øystein Myrkaskog var på bana i berre tre kampar frå han var frisk frå den forrige skaden og til han vart skadd på ny. Men på dei kampane sette han inn to mål, og desse måla har vore sterkt medverkande til at Førde no er så godt som sikre på å halde plassen i 2. divisjon.