Hopp til innhold

Mange studentar får ikkje ordinær praksis: – Ei løysing må komme kjapt

Studentar risikerer å ikkje få fullføre utdanningsløpet sitt fram mot sommaren. Utdanningsinstitusjonane jobbar på spreng for å få ordningar på plass.

Høgskulen på Vestlandet med sjukehuset i Førde i bakgrunnen.

VANSKELEG: Studentane ved helse og sosialfag på Høgskulen på Vestlandet får ikkje ut i ordinær praksis denne våren. Ei løysing på raskt på plass dersom studentane på siste år skal få fullført utdanninga si før sommaren.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Mange er bekymra og det er eit sug etter informasjon, seier leiar Henrik Tjore for Studenttinget på Vestlandet.

Torsdag opplyste Høgskulen på Vestlandet (HVL) om at dei har valt å avlyse ordinær praksisstudium for helse- og sosialfaglege studentar for våren 2020.

I staden forsøker dei no å finne alternative løysingar for at studentane kan fullføre studieløpa sine.

Men med få avklaringar og ein kansellert timeplan, er det mange studentar som stiller spørsmålsteikn for om dei får fullføre utdanninga si denne våren.

Opp til kvar enkelte institusjon

Onsdag konkluderte Kunnskapsdepartementet (KD) og Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) i eit møte at dei ønskte at helsefaglege studentar ikkje skulle takast ut av praksisen deira.

Regjeringa la opp til at kvart enkelt studiestad kunne bestemme korleis dei valde å løyse dette.

I lys av dette har altså fleire fakultet ved sidan av HVL, til dømes OsloMet og UiB, vald å trekkje tilbake tilbod om vanleg praksisperiodar for studentane. Det meiner Henrik Tjore var det rette valet.

– Det var stor usikkerheit rundt alt som skjer no og enkelte praksisstader ville ikkje ha studentar. I tillegg var det mange av studentane som meinte praksis burde verte kansellert også, seier han.

Henrik Tjore

VENTAR I SPANING: Leiar Henrik Tjore for Studenttinget på Vestlandet har snakka med fleire studentar som er bekymra for kva som skal skje med utdanningsløpet deira.

Foto: PRIVAT

For studentane på HVL betyr dette at dei som allereie har jobb, truleg kan få godkjent praksis. Men for dei som førebels står utan jobb, er bekymringane større. Tjore meiner difor det er viktig å få klårleik i kva som skal skje vidare, snarast råd.

– Ting vil nok komme klarare fram dei neste dagane. Det er vel i alle sine interesser at studentar skal ut i arbeid etter dette året er ferdig.

Alternative løysingar på nett

Også på lærarstudiane er bekymringa stor for at dei som eigentleg skulle fullføre utdanninga, ikkje blir ferdig denne våren.

Fakultetstillitsvalt Sondre Bergan Husted for lærarutdanning, idrett og kultur i HVL meiner det er svært viktig at dette går i orden.

– Ei løysing må komme rimeleg kjapt. Mange har jo fått arbeid allereie frå august, eller skal ut i nye studium. Det hadde vore veldig kjipt det ikkje går i orden.

Trass i at dei fleste skular truleg ikkje opnar på ein stund, vel Huster å vere optimist.

– Eg håpar at det skal gå i orden. Det kan til dømes fungere med nettundervisning for elevane, med reflekterande oppgåveskriving, seier han.

Jobbar på spreng

Men medan lite er bestemt førebels for praksis i lærarutdanninga, jobbast det i mellomtida på spreng for å legge til rette for at dei på helse- og sosial, faktisk får fullføre utdanninga si.

– Dette gjeld spesielt tredjeårsstudentar som skal vere ferdig på sommaren. Berre på HVL har me no 500 sjukepleiarar som Helsevesenet treng. Så me gjer det me kan for å leggje til rette for at dei blir ferdig, seier dekan Randi Skår på fakultet for helse- og sosialvitskap på HVL.

I rådføring med institusjonar andre stader i landet, rådfører dei seg no slik at dei på best mogleg måte kan legge til rette for at studentane får landa utdanninga si.

– Situasjonen endrar seg dag for dag, men vi jobbar alle for å få dette til, seier Skår.