Hopp til innhold

Sjukehustilsette vågar ikkje snakke

Tilsette i Helse Førde vågar ikkje å la seg intervjue av media, i frykt for represaliar.

Sentralsjukehuset i Førde.

Tilsette i Helse Førde vågar ikkje å snakke med media, i frykt for represaliar frå arbeidsgjevar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Folk er redde for stillingane sine, eller dei orkar ikkje stå fram, seier Føretakstillitsvald Randi Fagereng i Norges Sykepleierfrobund til Firda.

Vågar ikkje snakke

I ei tid med store kutt, boblar frustrasjonen over hjå dei tilsette i Helse Førde. Men ingen vågar å snakke med media om sin eigen kvardag eller ting dei meiner er graverande. Dette i frykt for at det kan slå tilbake på dei seinare.

- Andre teier for ikkje å stille avdelinga si i dårleg lys og for ikkje å seie noko som kan skake opp pasientane, seier Fagereng til avisa.

- Ynskjer ikkje støy

Fagereng har også åtvara sine medlemer mot å gå til media. I epost ber Fagereng sine medlemar om å tenke seg godt om før dei går til media.

- Dette helseføretaket ynskjer ikkje støy. Tilsette får lov til å stå fram når det skjer noko nytt og positivt, for det er i føretakets interesse, men ikkje når det handlar om omstillingar og problem, seier ho.

- Kan snakke ope

Informasjonssjef Arne Eitun avviser påstandane ovanfor avisa. Han seier at Helse Førde sjølvsagt tillet at dei tilsette snakkar ope om arbeidsplassen sin.

- Eg blir skikkeleg fortvila over at slike oppfatningar rår, seier han og meiner Fagereng er med på å halde oppe mytane om at føretaksleiinga i Helse Førde gir sine tilsette munnkorg.

- Korrekt, men...

Fagereng ber sine medlemar om å gå tenesteveg med graverande ting. Om det ikkje nyttar, bør dei gå til tillitsvald og vernetenesta.

- Det Fagereng skriv til dei tilsette om spelereglane i prosessar som den vi no står oppe i, er korrekt. Men måten ho framstiller det heile på er misvisande. Eg stiller meg spørsmål om dette blir gjort for å dyrke eit stempel på oss, seier han.