Hopp til innhold

Navarsete: – Ei avklaring om anestesien i Nordfjord vil komme

Senterpartileiar og kommunalminister Liv Signe Navarsete seier ei avklaring om anestesi ved Nordfjord sjukehus bør og vil komme.

Liv Signe Navarsete

AVKLARING: Liv Signe Navarsete seier det blir tatt ei avgjerd om anestesisaka.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

Regjeringa får kritikk av Legeforeningen som meiner det er umogleg å ha akuttmedisinsk beredskap utan anestesi. Regjeringa har vedteke å oppretthalde den indremedisinske beredskapen på sjukehuset som i dag.

Full forvirring

Statssekretær Tord Dale (Ap) har sagt under eit folkemøte på Stad at det ikkje skal vere anestesi ved sjukehuset, det same har Helse Førde sin administrerande direktør Jon Bolstad sagt. Men samstundes har regjeringa altså vedteke at den indremedisinske beredskapen skal oppretthaldast som før.

Forvirringa rundt anestesien har skapt stor debatt, og i dag var anestesilege og styremedlem i Helse Førde, Rune Larsen, ute og refsa vedtaket:

– Regjeringa sitt vedtak om lokalsjukehuset på Nordfjordeid er umogleg å gjennomføre, seier han.

For Sp er anestesi eit minstekrav

Navarsete lova i førre veke å ta saka opp i regjeringa, i dag seier ho til NRK at regjeringa vil avvente avklaring til Nasjonal helseplan skal opp i Stortinget. Vedtaket er venta ferdig innan ei eller to veker.

– Dersom det ikkje kjem ei avklaring i Stortinget må regjeringa ta ei avgjerd, seier Navarsete til NRK.no.

Senterpartiet har tidlegare sagt dei vil ha anestesi inn som minstekrav til eit lokalsjukehus.

Nordfjord sjukehus

FORVIRRING: Det er full forvirring rundt anestesien på Nordfjord sjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK