Hopp til innhold

Sju gutar møtte opp med stein i lommene på Sian-demonstrasjon

For å unngå ei gjentaking av fjorårets storming av sperringar, vald og bruk av tåregass har politiet førebudd seg godt før dagens Sian-demonstrasjon.

Sian-demonstrasjon utanfor Tårnplass i Bergen

FØREBUDDE: Politiet vil ikkje seia kor mange politifolk som er på staden.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Laurdag klokka 13 starta den islamfiendtlege gruppa Sian sin demonstrasjon på plassen utanfor tingretten i Bergen.

Politiet anslår at kring 150 motdemonstrantar har møtt opp. Innsatsleiar John Endre Skeie trur trusselnivået vil vera lågt.

Sian demonstrerer på Tårnplassen i Bergen

MOTDEMONSTRANTAR: Motdemonstrantane står på den austlege sida av Tårnplassen.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Me har tru på at dei som har kome og meldt motdemonstrasjon, skal gjera dette verbalt og med lovlege midlar, seier han.

Likevel har politiet teke sju unge gutar med stein i lommene.

– Dei steinane har me teke frå dei, og dei er viste bort, seier Skeie.

Ein annan demonstrant er også vist bort. Eitt lydanlegg er teke frå motdemonstrantane.

innsatsleder politi, John Endre Skeie

LÅGT TRUSSELNIVÅ: Innsatsleiar i politiet, John Endre Skeie, reknar med at det blir lågt trusselnivå under dagens demonstrasjon.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

I fjor enda ein Sian-demonstrasjon på Festplassen i dramatikk. Leiaren av gruppa vart slått ned.

Politiet vil ikkje seia kor mange politifolk som er på Tårnplass laurdag, men iallfall 35 står føremiddag inne på plassen framfor tingretten.

Betongelement og franske gjerde er sett inn for å skilja Sian og motdemonstrantane.

sian

SPERRINGAR: Desse sperringane, kalla franske gjerde, står ved alle gatene som leier inn mot Tårnplassen, samt midt på plassen.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Vald og tåregass i fjor

24 personar vart meldt til politiet etter demonstrasjonen i fjor. Sju av dei, alle menn over 18 år, fekk mellom 12.000 og 17.000 kroner i førelegg for ordensforstyrringar.

Motdemonstrantar hoppa over sperringane politiet hadde sett ut. Politiet brukte tåregass mot motdemonstrantane.

Demonstrasjon på Festplassen 25.08.20.

STORMING: Motdemonstrantar braut seg i fjor over sperringane på Festplassen og angreip Sian.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Etter Sian hadde fjerna seg frå Festplassen, samla kring 200 personar seg ved politihuset i Bergen. Politiet valde å omringa politihuset.

I etterkant slo politiet alarm om at unge hadde mista respekten for dei.

– Me blir framstilt som ein veldig valdeleg etat som ikkje er på lag med innbyggjarane, og som diskriminerer enkelte folke- og aldersgrupper, sa driftseiningsleiar Morten Ørn til politiet den gong.

Politiet i Bergen

POLITIHUSET: Politiet omringa i fjor politihuset i Bergen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Avstengd Tårnplass

BT kunne tidlegare denne veka skriva at politiet hadde sendt ut brev til fleire rektorar i Bergen, der dei bad dei «lodda stemninga», for å finna ut kor mange som hadde tenkt seg på demonstrasjonen. Politiet bad også skulane om å gjera elevane bevisste på ytringsfridomen og politiet si rolle.

– Me skal overhovudet ikkje «lodda stemninga» for politiet, sa nestleiar i Utdanningsforbundet i Bergen, Eirik Lilleheil, til avisa.

lars Thorsen SIAN

DEMONSTRASJONEN: Sian-leiar Lars Thorsen held demonstrasjon på Tårnplassen i Bergen. Motdemonstrantane står på nedsida av plassen bak bannera.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

BT kunne også melda at dei fire bedriftene på bakkeplan på Tårnplassen, valde å stengja dørene laurdag. Etestaden Plassen rekna med å tapa ei omsetning på 50.000 kroner.

Instagram-kontoen til Vest politidistrikt publiserte torsdag ein video om ytringsfridom og demonstrasjonar. Tidlegare i september diskuterte politimeister Kaare Songstad fjorårets Sian-demonstrasjon, ytringsfridom og politiet sin rolle under ei økt basketball med Marco Elsafadi.