Hopp til innhold

Sjikane-flaum mot Clara Øberg

Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde får hat-mailar og sjikane der folk ønskjer ho fjerna "frå jordas overflate".

Clara Øberg
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Straumen av hat-ytringar starta etter at partifelle og ordførar Bente Frøyen Steindal i Florø og lokallagsleiar Jan Helge Dale gjekk ut og kravde Øberg kasta som styreleiar. Bakgrunnen var det samrøystes vedtaket i styret i Helse Førde om å leggje ned nærsjukehuset i Florø.

Har snakka med politiet

- Det eg får av mailar er stort sett usakleg kritikk og sjikane. Det er snakk om personkarakteristikkar og folk som ønskjer eg var ein annan stad enn på jorda, seier Clara Øberg til NRK Sogn og Fjordane.

Høyr: Clara Øberg fortel om hat-mailane

Øberg har vore i kontakt med politiet som kallar e-postane sterk personsjikane og trakassering.

- Eg vurderer fortløpande om eg skal politimelde sjikanen, seier styreleiaren.

Nektar å trekke seg

Eigentleg tykkjer Øberg det er trist at folk brukar slike metodar i kampen for å behalde eit sjukehus, og ho er heilt sikker på at det ikkje tener saka.

- Det er berre trist at folk brukar slike metodar mot folk som har teke på seg offentlege verv, seier ho.

Øberg er likevel klar på at ho ikkje let seg knekke av angrepa.

- Tvertimot. Det er ikkje aktuelt å trekke meg på grunn av sjikane og personåtak.

Sende ut pressemelding

Så ille har kritikken vore at Sogn og Fjordane Arbeidarparti måndag ettermiddag sende ut ei pressemelding der dei tek avstand frå personåtaka og karakteristikkane.

- Det er viktig at folk som tar på seg leiande og krevjande verv ikkje opplever å bli hengt ut for dei vedtak dei gjer. Ønskjer vi å ha folk i styre, råd og utval, må ein passe på å kritisere saka og ikkje personane, skriv fylkesleiar Aud Kari Steinsland.

Høyr: Ap-leiaren refsar Flora-ordføraren

Refsar ordføraren

Øberg meiner Flora-ordføraren og lokallagsleiaren i Florø er blant dei som har bidrege til flaumen av sjikane.

- Eg skulle ønskje dei tok sak framfor person. Det er eit samrøystes styre i Helse Førde og ikkkje personen Clara Øberg  som har gjort vedtaket, seier ho.

Debatt: Kor mykje bør ein styreleiar tole?