Hopp til innhold

Sjå Qfilm-gallaen direkte

I kveld er det klart for den store Qfilm-gallaen. Då blir den raude løparen rulla ut i aulaen ved Firda vidaregåande skule.

Video Qfilm 2010

SJÅ GALLAEN DIREKTE: I dag klokka 18.30 startar Qfilmgallaen på Sandane. Sjå den direkte her.

Q-filmgjengen 2010

QFILM-GJENGEN: Denne gjengen arrangerer årets Qfilm-galla.

Foto: Q-film

Qfilm blir arrangert for niande året på rad og det er tredje klasse ved medialinja ved Firda vidaregåande skule som arrangerer festivalen.

Årets tema har vore action og heile veka har det vore arrangement og visning av actionfilmar.

Utdeling av prisar

I kveld blir det utdelinga av gjeve filmprisar til unge filmtalent. Publikum får også servert musikk- og dramainnslag og stunts frå ein stuntmann.

Det blir delt ut prisar i kategoriane:

  • Beste fiksjon
  • Beste dokumenter
  • Beste action
  • Beste regi
  • Publikumsprisen

Kven vinn Publikumsprisen?

Den siste veka har nettlesarane til NRK Sogn og Fjordane stemt på kva film som fortener «Publikumsprisen».

Vinnaren av denne prisen stikk av med eit Canon 550D (stills/HDvideokamera ) med mikrofon til ein verdi av 8000 kroner.

Premien blir delt ut av redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske i NRK Sogn og Fjordane.

Sjølve utdelinga blir filma og sendt direkte på nettsida til NRK fredag 19. november frå klokka 18.30.