Hopp til innhold

Sjå kven som tok turen til denne turistperla

I filmen Magic Mike kledde Channing Tatum av seg framfor millionar av publikum. I dag var han godt kledd då han stoppa innom Værlandet Gjestehamn, på motorsykkelferie.

Channing Tatum på Værlandet

CELEBERT SELSKAP: Gry Leite kjende ikkje igjen filmstjerna med det første. Men med hjelp frå yngre servitørar vart ho etterkvart klar over kven som hadde spasert inn dørene på kroa.

Foto: PRIVAT

– Eg vart heilt mo i knea då eg skjønte at det var han. Eg vart skikkeleg starstruck, fortel servitør på Værlandet Gjestehamn Sofie Hopen Landøy.

Ei solid overrasking

Det var ein heilt vanleg fredag på Værlandet Gjestehamn, då ein av verdas største filmstjerner, Channing Tatum, plutseleg spaserte inn døra og bestilte seg ein burgar. Gry Leite, som driv kroa på Værlandet stod i kassen då han kom inn. Ho gjenkjente han ikkje med det første.

– Eg såg det ikkje i starten. Men dei rundt meg var raske til å påpeike at det var han.

Ho fortel at ho vart svært overraska då ho skjønte kven det var. Ettersom at gjestehamna ligg ganske langt vest der næraste transport til fastland tar bortimot timen kvar veg, er ikkje slikt selskap kvardagskost.

– Me ligg jo ikkje akkurat sentralt til og eg trudde sesongen var på hell, så dette sat ein spissar på dagen, seier Leite.

Kroa på Værlandet

I UTKANTEN: Det var her Channing Tatum kom innom tidlegare i dag. Kroa ligg på ei øy heilt vest i Askvoll kommune.

Foto: Værlandet Gjestehamn

Starstruck

Tatum som kanskje er mest kjend for rolla si som stripparen Mike i Magic Mike, har også gjort andre store filmroller og kan seiast å vere blant verdas mest kjende filmstjerner.

Difor var det kanskje ikkje så rart at servitør Sofie Hopen Landøy drog kjensel på skodespelaren som stod ved kassa. Etter nøyare etterforsking på Google med samanlikning av bilete, forstod ho etter kvart at det faktisk var han då ho høyrde at han snakka engelsk. Ho fortel at pulsen steig ekstra då ho gjekk bort for å prate med han

– Det var så mykje blanda kjensler. Han er garantert ein av planetens største filmstjerner, så det er heilt merkeleg at han var her. Eg klarar nesten ikkje å forstå det endå.

Channing Tatum på Værlandet gjestehamn

STARSTRUCK: Sofie Hopen Landøy fortel vart temmeleg overraska då ho forstod kven ho skulle til å servere.

Foto: PRIVAT

Landøy fortel at Tatum, som kom åleine på motorsykkel, sa han berre ville køyre rundt og sjå seg omkring. Men samtalen var kort, då ho ikkje ynskte å forstyrre han.

– Me skjønte jo at han sikkert ville ha litt fred, sidan han var heilt her ute. Men så spurte me om å få ta eit bilete då han var ferdig å ete og det sa han var greitt, fortel ho.

Uverkeleg

For nokre dagar sidan var Kurt Nilsen også på besøk på den vesle kroa i utkanten av Askvoll kommune. Landøy vedgår at det har vore nokre heilt spesielle dagar.

– Når eg ser på bileta me har tatt kjenst det nesten litt uverkeleg. Eg tenkte jo at når Kurt Nilsen var her så var det den einaste kjendisen som skulle komme hit, men så gjekk det eit par dagar, og så skjedde dette.

Landøy fortel at ho ventar spent på kva som skjer vidare denne sommaren.

– No veit eg i alle fall at eg må vere førebudd på alt, ler ho.

Underskrifta til Channing Tatum i gjesteboka

I GJESTEBOKA: Channing Tatum la igjen ei helsing og autograf i gjesteboka.

Foto: PRIVAT