Hopp til innhold

Sjå kva dei fann under kyrjegolvet - må vente til juni for å få vite hemmelegheita

Då kyrkjegolvet i Askvoll kyrkje skulle rehabiliterast, gjorde entreprenøren store auga. Under kyrkjegolvet låg det nemleg ei godt forsegla flaske med eit brev i.

Flaskepost i kyrkjegolvet

ARTIG: Kyrkjeverje i Askvoll, Rune Ziener, ser fram til å få vite kva som står på brevet i flaska. Men han må smørje seg med tolmod nokre månadar til.

Foto: Marit Vedberg Ask

– Det vart funne ei flaske av eldre dato. Mest truleg er flaska om lag 150 år gammal, og stammar frå då Askvoll kyrkje vart oppført, seier kyrkjeverje i Askvoll, Rune Ziener.

Flaska vart funnen allereie i haust, men det har alle impliserte partar halde godt tett om, fram til dei sleppte nyheita i Firda tysdag.

– Vi har halde det heilt hemmeleg, ja. Vi har lurt litt på kva vi skulle gjere med ho, og vi har ikkje opna ho, seier Ziener.

Trur ho vart lagt der før golvet vart spikra

Den gamle, brune flaska inneheld ein gulbrun papirbit med snirklete skrift på, og vart funnen i kyrkjemuren under golvet då det skulle utførast reparasjonsarbeid i kyrkja i haust.

– Flaska låg i muren under golvet. Vi trur at flaska har vorte lagt der før golvet vart spikra på plass, seier Ziener.

Askvoll kyrkje vart oppsett i 1863, og viss så er, så har flaska lege gøymd i 151 år.

Flaska vart funnen av entreprenørfirmaet som jobba på staden, og det er utelukka at det var andre liknande gjenstandar i området der flaska vart funnen.

Flaska er grundig forsegla med bly over korken.

Det samanrulla arket inni, er ikkje lett å lese frå utsida. Men nokre ord har dei klart å tyde.

– Det står mellom anna Kong Karl den XV., Bergen og dødeleg avgang har vi også klart å lese. Resten blir mest spekulativt å nemne, seier Ziener.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flaska

MYSE, MYSE: Viss ein ser nøye inn i flaska, kan ein skimte ord som kong Karl XV, Bergen og dødeleg avgang.

Foto: Marit Vedberg Ask

Har ikkje høyrt om mange tilfelle

Det er ikkje uvanleg at ein finn saker og ting stukke inn i kyrkjemurar eller lagde under golv når ein restaurerer kyrkjer, spesielt når det er snakk om svært gamle kyrkjer som til dømes stavkyrkjer.

Men Ziener har ikkje høyrt om mange tilfelle der ein har funne noko i såpass unge kyrkjer som den i Askvoll.

– Eg har mellom anna høyrt om at det ein gong vart funne noko liknande oppe i Nord-Norge. Viss eg ikkje hugsar feil, var det ein lærar som hadde lagt ned ei melding i golvet, seier Ziener.

Planen for flaska er no klar. I pinsa i juni skal det feirast kyrkjejubileum i Askvoll, og då skal flaska opnast med pomp og prakt.

– Vi skal ha 150-årsjubileum med nyopning av kyrkja. Det vert ei jubileumshelg, og vi skal opne flaska i samband med det. Ramma rundt er ikkje heilt på plass endå, seier Ziener.

Vil gjerne ha flaska i monter

Sjølv kunne han godt tenkje seg at flaska og brevet fekk stå utstilt etter at flaska er opna.

– Det hadde vore artig å ha det i ein monter bak i kyrkjerommet, seier Ziener.

Flaska vert oppbevart på ein trygg stad fram til opninga i pinsa.

Leiar i Askvoll sokneråd, Ole Andreas Myrstad, gler seg stort til flaska skal opnast.

– Eg tykkjer det heile er veldig spennande, og ganske stilig, seier Myrstad.

Han trur det blir ei fin ramme rundt opninga, og håpar mange kjem for å få det med seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Askvoll kyrkje

SOM NY: Askvoll kyrkje har vore gjennom ei omfattande rehabilitering, og vil vere heilt nyoppussa til jubilette i pinsa i år.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Er spent på innhaldet

– Det er klart at det kjem jo an på kva som står på lappen. Men vi får tru det ikkje er noko som støyter nokon, no så mange år etter, seier Myrstad.
Sjølv har han ikkje smugkikka noko særleg på lappen.

– Nei, det har eg ikkje gjort. Eg ser mest fram til å få sjå brevet i sin heilskap, seier Myrstad.

Han legg ikkje skjul på at flaskeopninga set ein ekstra spiss på kyrkjejubileet i Askvoll, der dei skal nyopne den nyoppussa kyrkja si.

– Askvoll kyrkje kjem i ny form og drakt. Det meste er oppattpussa og oppfriska. Flaskeopninga vert ein fin del av jubileet, seier Myrstad.

Kan gjette på innhaldet

Soknerådet har vore i kontakt med Statsarkivet, og fått løyve til å gjere kva dei vil med flaska. Sidan brevet er så gamalt, er det fritt fram for å offentleggjere innhaldet.

Samtidig inviterer soknerådet innbyggjarane til å tippe kva som er innhaldet i flaska.

– Vi inviterer til ein gjettekonkurranse om kven som har skrive på lappen, kva som står der og når det er skrive, seier Ziener.