Hopp til innhold

Tok unike bilete då hjortane slåst

Rune Ripe skulle berre ut med boset. Men enda opp med å få ei utruleg naturoppleving då to hjortar braka i hop.

Hjortar slåst

BATALJE: Kampen om rett til revir og paring gjekk føre seg i Sigdestad i Bremanger.

Foto: Rune Ripe

– Eg var ute og heiv noko då eg høyrde hjortane brøle. Men eg såg ingen. Så eg køyrde ein tur inn til Sigdestad i Ålfoten. Brått høyrde eg at det small i gevir. Og der, 30 meter frå vegen, stod to hjortebukkar og slåst, fortel Rune Ripe.

Pensjonisten er ein habil hobbyfotograf og hadde fotoutstyret med seg i bilen då det hende. På kamera har han montert ei lykt for å kunne fokusere i mørket. Mens hjortane slåst gjekk han ut av bilen og tok dei flotte blinkskota.

Bileta er tatt med manuell fokus og blits. Det tyder at han kom svært nær.

Hjortar slåst
Foto: Rune Ripe

– Eg stod mellom bukkane og bilen. Dei bevega seg så raskt at på det eine bildet der du ser eg er nær, var hjortane under to meter ifrå meg. Då var eg veldig varm i hovudet. Og ikkje på noko tidspunkt var hjortane lengre enn 30 meter ifrå der eg stod, seier Ripe.

Han er framleis overvelda over naturopplevinga, som skjedde natt til måndag.

– Det var heilt utruleg. Det er sånt som du berre kan drøyme om. Hjortebukkane ensa meg ikkje. Dei reagerte ikkje på lys eller blits. Dei fokuserte berre på motparten og om å vinne kampen, fortel Ripe.

Det er paringstid for hjort no, og kampen mellom 12-taggaren og 10-taggaren kan ha vore om revir, eller hevd over eit område. Og dermed den som kan pare seg med kollene der.

– Eg veit ikkje kven av dei som vann. For først sprang den eine av garde og den andre kom hakk i hæl. Eg høyrde litt meir stanging i det fjerne. Og så brøling i ei kort stund. Så vart det stille, seier Ripe.

Rune Ripe på fotosafari

HOBBYFOTOGRAF: Rune Ripe er mykje i skog og mark for å fotografere. Natt til måndag fekk han si største oppleving.

Foto: Rune Ripe

Han seier bileta viser at den eine bukken vart skada i snuten i oppgjeret.

– Har du hatt liknande opplevingar før?

– Eg går jo ut i marka for å ta bilete og har vore nær hjort mange gonger, men aldri slik som dette her, seier Ripe, som fortel at han var skikkeleg skjelven då han kom heim.

Ripe la bileta ut på Facebook. Der har bileta alt fått 1200 likarklikk.