Hopp til innhold

Sjeldan syn over heile Sør-Norge

Eit flammande kunstverk bukta seg i natt over himmelen i Sør-Norge. I fleire timar var himmelen opplyst av nordlyset.

SPEKTAKULÆRT SYN: Nordlyset spegla seg i snøen i Viksdalen og skapte ei heilt magisk stemning natt til 25. oktober. (FOTO: Halvard Hatlestad).

Eit flammande kunstverk bukta seg i natt over himmelen i Sør-Norge. I fleire timar var himmelen opplyst av nordlyset.

Nordlyset er ein sjeldan gjest så langt sør i Norge. Men over heile Sør-Norge har folk kunne la seg trollbinde av det majestetiske synet i natt.

I Viksdalen utanfor Førde fanga Halvard Hatlestad opplevinga på film.

– Det var heilt fantastisk. Eg har aldri sett noko liknande på våre kantar, seier Hatlestad som er oppvaksen i Viksdalen.

Sjå biletegalleri av nordlyset ute til høgre i saka.

Sjeldan syn i sør

Aurora polaris, meir kjent som nordlys, er eit fysisk fenomen som oppstår når solvinden er kraftigare enn normalt. Store elektriske utladingar kastar elektrisk lada partiklar mot jorda.

Når desse kolliderer med gassane i atmosfæren oppstår nordlyset, eit bølgjande lys som er like unikt kvar gong. Det spesielle fenomenet er å sjå i eit belte rundt dei magnetiske polane, og det er sjeldan at ein får sjå eit så flott nordlys på Vestlandet.

– Dette er veldig sjeldan på våre kantar, det er mange faktorar som spelar inn når dette oppstår på nattehimmelen her, seier statsmeteorolog Anna Reistad ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Også meteorologen let seg imponere

Anna Reistad

FANTASTISK: Seier statsmeteorolog Anna Reistad om nordlyset.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det klare fine vêret var heilt klart med på å leggje til rette forholda for nordlyset så langt sør, forklarar meteorologen.

– Det er veldig stor aktivitet på sola, og når det er så fint vêr, med veldig klar luft blir det mogleg å sjå dette også her. Men det er veldig sjeldan, seier Reistad.

Også ho let seg imponere av det buktande grøne lyset som viste seg over himmelen. Sjølv såg Reistad det frå Bergen.

– Det var ei heilt fantastisk oppleving, seier Reistad.

Sett fleire stadar

Fleire lyttarar frå Sogn og Fjordane har fortalt om det majestetiske synet dei vart vitne til i natt. Ein av dei kjem frå Bryggja.

– Eg trudde forsyne meg at fullmånen var komen opp i natt, men så var det eit kjempestort og vidt nordlys. Kjempefint og sjeldan å sjå, skriv lyttaren i ei tekstmelding.

Har du sett nordlyset i natt? Fortel om opplevinga i kommentarfeltet nedst i saka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordlys over Viksdalen i Førde

HAR DU SETT DETTE I NATT: Over heile Sør-Norge har nordlyset vore synleg natt til tysdag.

Foto: Halvard Haltestad

Kan ha blitt sett heilt sør til Danmark

Og skal ein tru dei som har peiling, kan nordlyset i natt ha vore observert så langt sør som til Nord-Tyskland.

– Det har vore ein del uro på sola og i går var det eit ganske kraftig sjokk som trefte jorda sitt magnetfelt. Dette skapte ein nordlys som var så kraftig at det kan ha vore mogleg å sjå det heilt sør til Danmark og kanskje i Nord-Tyskland, seier Asgeir Brekke.

Han er professor i fysikk ved Nordlysobservatoriet ved Universitetet i Tromsø. Brekke fortel at dette ikkje skjer veldig ofte.

– Dette skjer kanskje ein fire-fem gonger i løpet av ein vinter. Føresetnaden for at folk ser det er at det må vere klårt vêr, og det har det vore i natt, seier Brekke.

– Eg hadde kjempeflaks

I Viksdalen vart Hatlestad vitne til flammehavet på himmelen heilt tildeldig. Hobbyfotografen hadde berre tenkt å filme den klåre haustnatta, men då han kom ut på altanen i 00.30-tida var det noko endå meir spektakulært som møte han.

– Det var jo berre kjempeflaks. Eg hadde ikkje høyrt noko om at det skulle vere nordlys, så dette var moro, seier Hatlestad.

Han sette oppe kameraet i full fart og festa nordlyset til film i intervall på 45 sekund frå klokka 00.30 fram til klokka 03. Flammehavet spegla seg i snøen som har lagt seg og skapte ei heilt magisk stemning.

– Det var utruleg stilig. Snøen vart heilt raud og grøn. Eg angra meg på at eg ikkje gjekk til fjells denne natta, seier Hatlestad.

Ny sjanse til natta

Brekke ved Nordlysobservatoriet seier folk kan ha ein ny sjanse til å sjå nordlyset i Sør-Norge. Med klarvêr til natta kan det vere duka for nok eit flammande kunstverk.

– Det er godt mogleg at dette blir synleg att alt til kvelden, det skulle ikkje forundre meg, seier Brekke.