WORKSHOP: Vilde Jensen Hjetland frå Kvamsøy, Balestrand, lærer ungdommane å lage collage med saks og papir. Kunstnaren driv sjølv med mykje forskjellig, blant anna lagar ho kostymer for Thea Hjelmeland.
INSPIRASJON: På veggane heng collagar laga av Hjetland, til inspirasjon for ungdommane. - Det er artig å lære vekk til ungdommane, men det var først når eg heldt opp å snakke at dei kom i gong. No hjelper eg berre til dersom dei treng det.
UNGE KUNSTNARAR: Silje Larsen (17) og Svenn Arne Sandvik (18) frå Øvre Årdal prøver seg fram med saks og papir.
COLLAGE: Kjende kvinner samla på eit ark, av Maia Grøndahl (16) frå Øvre Årdal
COLLAGE: Maia Grøndahl (16) frå Øvre Årdahl deltek i kunstutstillinga på UKM med fire bilete av Adele. Ho går studiespesialisering med formgjevingsfag på Hafstad VGS, og syns det er kjekt med forskjellige kunstformer.
KJEKT MED HJELP: Maria Håvåg (14) frå Gulen får hjelp frå Hjetland til å plassere underkroppen til Marilyn Monroe i collagen sin. Overkroppen vart plassert nedanfor.
DELT I TO: Alt er lov, også å dele den ikoniske filmstjerna Marilyn Monroe i to.
MYKJE Å VELJE I: Sara Båtevik (13) frå Jølster blar seg gjennom kasserte bildebøker og tidsskrift som Biblioteket i Førde har stilt til rådighet. - Det er mykje kjekkare å lage collage av dette enn reklameblada vi får utdelt på skulen når vi gjer det same der, seier Båtevik.
STOR PRODUKSJON: Elevar frå Medielinja ved Sogndal VGS filmar alle framsyningane. Her frå ei lydprøve.
HØGT TEMPO: Elevar frå Medielina ved Sogndal VGS filmer og styrer ein stor fleirkameraproduksjon frå kjellaren i Førdehuset. Her er det Aurora Nes (18) og Ingeborg Kjøsnes (17) som får rettleiing frå Ragnvald Søgnesand (43)
OPNING: Kommunalsjef i Førde Kommune, Trond Ueland opna kunstutstillinga på Førdehuset.
SKULEOPPGÅVE: Thea Victoria K. Ytre-Hauge (15) frå Bremanger laga verket "Sorg og glede" på skulen. - Læraren sa at alle måtte melde seg på UKM, men det var berre eg som gjorde det, og so kom eg vidare, gliser Ytre-Hauge
TOVA HATT: Thanushan Thayaparan (15) frå Førde med verket "Diancie, kongeriket og den utslettede skogen"
MILJØVENLIG: Synne Bentås (13) og Margit Brooks (13) frå Lærdal med verket "Kjole" laga av resirkulerbar plast
URG: Ungdommens Ressurs Gruppe har ansvar for det sosiale denne helga. Dei passar på at alle har det bra, og svarer på alle spørsmål.
GREEN ROOM: The Immature Avokados ventar i spenning på å få kome på scena i Førdehuset
SPENT: Konferansier Malene Solheim intervjuer ein spent deltakar som ho skal introdusere på scena i Førdehuset
UKM-VETERAN: Jenny Hatlelid Holsæter er Sogn og Fjordane sin representant i URG - Ungdommens Ressurs Gruppe.
WORKSHOP: Både laurdag og søndag er det mulig å vere med på workshop i dans.
JAZZ OG MODERNE DANS: Mange deltakarar får prøvd seg søndag føremiddag.
LÅTSKRIVING: Anja Elina Viken lærer deltakarane ulike måtar å skrive låtar på.
KREATIVITET: Hadde du klart å skrive ein låttekst basert på dette eine ordet?
KONSENTRERT: Alle deltakarane sit heilt stille og skriv. Den berømte knappenåla hadde ikkje vore noko problem å høyrt her.
STØYEN: Eitt av orda deltakarane trekte.
SPEL: Noko av det viktigaste med UKM er å treffe nye vener, på tvers av kommunegrenser.
WORKSHOP: Mange er interesserte i geriljabrodering, og nyttar søndags føremiddag til å prøve seg fram
LITT HJELP: Leiar i Sogn og Fjordane Husflidslag, Marit Andersen, hjelper Marcus Sørensen med bokstavane.
SUPERHELT: Deadpool frå X-men gjer seg godt i korssting
STEMT: Hardingfelene må stemmast, og det tek litt tid. Kristi og Tora Bjørhusdal frå Luster skal spele i den siste framsyninga.
FØREBUR SEG: Konferansierane førebur seg til nok ei framsyning. Dei skriv eige manus, og intervjuer dei fleste deltakarane før dei skal på scena.
RISK: Dei er ikkje heilt sikre på kva som er Midtøsten, men finn nok ut av det.
UNO: I fellesrommet er det eigen spelkrok.
KONSENTRERT: Sjølv om det har vore lite søvn og lange dagar, gjre det seg med eit slag sjakk på ein søndag føremiddag.
JURY: Billedkunstnar Astrid Wittersø og illustratør Gregory Idehen, begge innflyttarar busett i Førde, har ein stor