Og nettopp slik hadde Knut Brusletto det før gårsdagens historiske sprenging i Sogn.
Han er prosjektleiar i Contexo og var ansvarleg for kjempesmellen som gjekk av i samband med bygginga av den nye trafostasjonen mellom Fardal og Sogndal. Sprengsalva som vart fyrt av er den største sør for Trondheim sidan andre verdskrig.
– Det er litt nervepirrande når du veit at ein satsar ganske mange kroner på noko som kan gå gale, seier han til NRK.no.
Frå fast fjell til laus masse på 1-2-3
Bygginga av den nye kraftlinja mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre er godt i gang fleire stader. I Sogn skal dei byggje ny trafostasjon, ein stasjon som vil bli ein av dei tre største i landet.
Og skal ein få til det må ein sprengje vekk fjell. Mykje fjell. På platået der stasjonen skal ligge har ein sprengd ut tonnevis med stein, litt etter litt.
Men for å bli ferdig med arbeidet vart det avgjort at ein skulle ta siste resten i ein smell.
Det er nesten vanskeleg å førestille seg kor mykje stein det er snakk om så gjekk i lufta, men Knut Brusletto prøver å forklare.
– Det er nesten 350.000 tonn med stein, og det endrar seg frå fast masse til laust på eit par sekund, seier han.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Har ikkje sove mange timane
Sprengladningane var lagt ut i eit område på nesten 14 mål, og det ligg mange timar arbeid bak. Ifølgje Brusletto førebudde dei seg til gårsdagens sprenging i to veker.
– Vi var veldig spente. Vi har hatt 43 raster bakover, og det er veldig spesielt. Det er ei stor salve, og det var veldig moro å sjå at det vart så bra stein som det vart, seier han.
For det gjekk heldigvis bra. Som ansvarleg for arbeidet vedgår han at han hadde gjort seg ein del tankar om kva som kunne gå gale på førehand.
– Du veit ikkje om det går bra før du har fått fyrt av salva. Så eg har ikkje sove mange timane den siste natta, seier han til NRK.no.
Heile fjellet kunne blitt ståande
Med 120 tonn i form av dynamitt, slurru og anolitt bør du vite kva du driv med. Brusletto seier det kunne fått dramatiske konsekvensar om dei feila.
– Eg har førestilt meg at vi måtte ta endå ei salve og stå og slite med dette fjellet i fleire veker.
– Det som kunne gått gale er at det hadde vore ein koplingsfeil, eller om det hadde blitt ein feil i seriane bakover.
– Då hadde heile fjellet stått roleg, og ikkje losna slik det skulle, seier han.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Stor jubel
For å vere på den sikre sida hadde dei evakuert eit område på ein kilometer rundt sprengingsområde. I fjellsida på andre sida hadde mange skodelystne møtt opp for å sjå då 120 tonn med sprengstoff gjekk av. I ei salve.
Og dei fekk verkeleg sjå noko spesielt. Då nedteljinga var ferdig kunne ein sjå korleis det nesten gløda i fjellet bortover før steinen stod til vers. Så høyrde ein kjempesmellet.
– Det var ei lette, og stor jubel, fortel Brusletto.
– Full klaff
Også Asle Lerum som er byggjeleiar i Statnett som står bak utbygginga er nøgd med gårsdagens sprenging.
– Det har gått kjempebra. Vi har hatt full klaff, seier han til NRK.no.
Han seier dei heile tida rekna med det skulle gå bra, og viser til at dei har dyktige sprengingsbasar. Uansett er det spesielt å fyre av 120 tonn med sprengstoff samtidig.
– Vi bryt jo ei barriere når vi sprenger ei slik salve, det er heilt klart.
(Artikkelen held fram under biletet)
Grunnarbeidet ferdig til jul
Han seier bakgrunnen for at dei gjekk frå dei mindre salvane er at dei ville bli ferdige med sprengingsarbeidet.
– Vi ville kome i gang med betongarbeidet. Og det er konfliktar knytt til dette med å drive sprenging inntil område samtidig som ein driv med betongarbeid, seier han.
No startar arbeidet med å laste opp dei vel 350.000 tonna med stein og å bli ferdig med grunnarbeidet.
– Når snøen kjem til jul skal det ikkje vere mykje att av grunnarbeidet på trafostasjonen. Då ligg vi i rute, og nesten eit halvt år før tida, seier Brusletto i Contexo glad.