Politijurist Terje Gjertsen seier dei fann tjuvgods heime hjå mannen, og at han no er varetektsfengsla for fire veker.
Mange innbrot
Det har dei siste månadane vore ei rekkje innbrot og tjuveri i Sogn. Kor mange har ikkje Gjertsen oversikt over. Men han seier at fleire verksemder har vorte råka og at det er verdfulle ting som har vorte stolne.
No håpar dei at dei har teke gjerningsmannen. Han er i første omgang varetektsfengsla i fire veker. To av dei med brev og besøkskontroll.
Vil sjå etter fleire
Politiet vil i etterforskinga og prøve å finne eit svar på om sogningen i 20-åra dei no har pågripe har vore aleine om tjuveria. Politijurist Gjertsen utelukkar ikkje fleire pågripingar.