Hopp til innhold

Sikrare student-sex

Seksualhelsestasjonen i Sogndal deler ut 2.000 gratis kondomar til studentane i bygda.

Kondom
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Studentrådgjevar Berit Pettersen fekk nyleg 2.000 kondomar frå seksualhelsestasjonen.

- Eg venta til rett før sommaren med å leggje dei ut både i resepsjonen på skulen, og på utestaden Meieriet. Interessa for prevensjonsmiddela har definitivt vore stor, ler Pettersen til Firda.

God oppslutnad

Det kring eitt år gamle seksualhelsestasjonen i Sogndal har vist seg å vere ein suksess. No har dei motteke 140.000 kroner frå Sosial- og helsedirektoratet til vidareføring av prosjektet.

- Den nye stasjonen tek sikte på å redusere talet på abortar, og samstundes minske tilfelle av kjønnssjukdomar hjå dei 2.000 unge vaksne i studentbygda. Hovudmålsettinga er å gje unge i alderen 20-24 år god tilgang til kunnskap, tenester og prevensjon, fortel helsesøster Wenche Sollid og fortel om god oppslutnad kring stasjonen.

Mykje klamydia

Studentrådgjevar Pettersen seier at kondomane dei får som del av dette prosjektet, har vore særs populære. Ho legg kondomane ut i skåler på skulen. Ho vonar tilbodet gjer unge vaksne meir bevisst på prevansjonsbruk.

- Eg har ikkje konkrete tal, men veit at Sogndal ligg ganske høgt oppe i høve til landssnittet når det gjeld klamydia, stadfestar ho.