Hopp til innhold

SFE får byggje kraftverk på Østerbø

Sogn og Fjordane Energi får løyve til å byggje Østerbø kraftverk og Randalen småkraftverk i Høyanger.

Kraftlinjer og Liv Signe Navarsete

STOR UTBYGGING: Den årlege kraftproduksjonen på Østerbø tilsvarar det årlege forbruket til om lag 10.000 husstandar. Kommunalminister Liv Signe Navarsete seier det er teke omsyn til både natur og næringsutvikling.

Foto: Tor Richardsen/Scanpix og Alf Vidar Snæland/Scanpix

Denne utbygginga vil føre til ein samla årleg kraftproduksjonen på om lag 185 GWh. Dette tilsvarar det årlege forbruket til mellom 9.000 og 10.000 husstandar.

– I statsråd i dag får Østerbø og Randalen konsesjon til utbygging av eit stort kraftverk. Dette vil bety at sørsida i Høyanger vil få ganske mykje aktivitet i tida framover, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) til NRK.no.

Omstridd utbygging

Allereie i 2002 blei det søkt om utbygging på Østerbø. I 2004 sa Høyanger kommune ja til kraftverket. Utbygginga har vore omstridd, og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete seier at det blir sett vilkår som skal sikre naturverdiane i området.

– Det har vore ein god og lang prosess. Miljøet i området skal takast vare på. Det blir sett vilkår for køyring av kraftverka og det vil også vere ulike vilkår for å ta vare på naturverdiane. Samstundes er dette eit område som treng verdiskaping og utvikling på næringssida.

– Har omsynet til utviklinga av Høyanger sørside vore viktigare enn omsynet til natur og miljø?

– Nei, det har vore ei avveging av interessene. Vi har landa på eit vedtak som tek vare på behovet for meir fornybar kraft og samstundes tek vare på miljøet. Dette skal løfte området på sørsida, seier ho til NRK.no.

Blir eit av dei største

Ola Borten Moe

SEIER JA: Olje- og energiminister Ola Borten Moe seier utbygginga på Østerbø blir eit av dei største vasskraftanlegga i Norge.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix

Samstundes er det gitt løyve til regulering av Nykjevatnet med overføring av 6 elvar i Østerbøvassdraget, og til regulering og overføring av Strupefossvatnet i nabovassdraget Mjølsvik.

– Anlegget blir eit av dei største vasskraftanlegga som har fått konsesjon dei siste åra. Dette vil bli eit betydeleg bidrag til meir ny fornybar og regulerbar kraftproduksjon. Fram mot 2020 skal Norge og Sverige byggje ut 26,4 TWh fornybar energi. Denne utbygginga er eit viktig skritt på vegen, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe i ei pressemelding.

SFE har også søkt om å få byggje ein 132 kV kraftleidning frå Østerbø i Høyanger til Stordalen i Masfjorden kommune for å knytte dei to kraftverka til det eksisterande straumnettet. Saka blir ferdighandsama av NVE no som endeleg utbyggingsløyve er gitt.