Hopp til innhold

Sexmarknad i endring

Me veit lite om dei som kjøper og sel sex. Får me vita meir om dei, får me også vita meir om samfunnet vårt, seier sosiolog ved Universitetet i Bergen Synnøve Jahnsen.

Prostitusjon
Foto: ELMER MARTINEZ / AFP

Me trur kanskje me snakkar fritt om prostitusjon, men det finns framleis mange tabu.

Sosiolog Synnøve Jahnsen.

MYTANE ENDRAR SEG: Sosiolog Synnøve Jahnsen ser mytane kring prostitusjon endrar seg. Sex-marknaden fortel mykje om kva samfunn me har, meiner ho.

Foto: Lise-May Spissøy / NRK

- Seksualitet og intimitet er vanskelege tema. Det handlar jo også om einsemd, seier Jahnsen.

- Den gamle myten er om kvinner som prostituerer seg for å finansiera rus. No snakkar me om immigranten som treng pengane for å vera i Vesten. Det er ein grunn til at dei er her, og det er det spørsmålet me må stilla oss sjølv. Ho har skrive om nigerianske prostituerte i Norge.

Ny bok

Boka "Det ideelle offer - andre tekster om prostitusjon" har to namn frå Universitetet i Bergen: Forskar ved Rokkansenteret Dag Stenvoll og sosiolog Synnøve Jahnsen. Redaktøren av boka, Liv Jenssen, har teke stilling til Kriminalisering av prostitusjon. Ho er imot. Men forskarane vil ikkje ta stilling. Dei vil heller visa fleire sider ved prostitusjon enn kva som kjem fram i debattar i media.

Mange kjøper sex

Mellom 11-13 prosent av norske menn kjøper sex.

- Ein mann som kjøper sex vil ikkje sjå det som seksuelt slaveri. Han han interesse av å oppretthalda ei forestilling om at det skjer frivillig. Han underkjenner det eigentlege problemet: at nokre kvinner er fattigare enn andre, at nokre kvinner har færre rettar enn andre og at nokre kvinner ikkje har same fridomen som andre.

Kan endra samfunnet

- Det er viktig å vita meir om menn som kjøper sex fordi me får vita meir om samfunnet vårt. Me må spørja kva det er med samfunnet vårt som får menn til å kjøpa sex, og kva me kan gjera med det, seier sosiolog Synnøve Jahnsen.