Hopp til innhold

Vurderte å avfyre rakettar frå Sogn

Forsvaret meiner Sovjetunionen vurderte å avfyre rakettar mot USA frå Sognefjorden under den kalde krigen.

Leiting etter ubåt i Sognefjorden i 1972

Ubåtjakta i 1972 var storstilt.

Foto: NRK

Det kjem fram i hemmelege dokument som vart utarbeidd etter ubåtjakta i Sognefjorden i november 1972 . Dokumenta er no nedgradert. Sognefjorden og andre norske fjordar vart sett på som svært godt eigna for å skjule ubåtar.

- Vi som har operert u-båt, veit at dersom du kjem deg inn i ein av desse fjordane, så har du eigentleg veldig god beskyttelse både mot fly og andre farty som er interessert i å ta deg, seier tidlegare ubåtkaptein og øverstkommanderande i Nord Norge, Einar Skorgen.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2010_1_5_11_10_22_2715.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Veldig gunstig

I dokumenta kjem det fram at det var ein framand ubåt i fjorden, men at dei norske styrkane mislukkast i å senke den. I eitt av dokumenta skreiv den tidlegare forsvarssjefen rett fram at fiendtlege ubåtar gjekk inn i norske fjordar for å finne ut om dei kunne brukast som base for å avfyre strategiske rakettar mot USA.

- Analysen konstaterer at undervassmiljøet i Sognefjorden er veldig gunstig for å spreie og skjule ubåtar, står det i dokumenta.

- Eg er sikker

Den storstilte, og 16 dagar lange ubåtjakta i 1972, gjorde at heile verda vende sine auge mot Norge og Sogn og Fjordane . Johanna Vangsnes var ei av fleire som såg den framande ubåten i Sognefjorden. Sidan har ingen kunne stadfeste at det var ein framand ubåt i norges lengste fjord.

- At det var ein ubåt, er eg alldeles sikker på. Den var godt synleg. Du såg den følgje land ei god stund, før alt plutseleg forsvann i djupet, fortel ho.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2010_1_5_19_51_23_2803.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Høyres logisk ut

Forfattar og tidlegare redaktør Rune Timberlid, som skreiv mykje om ubåtsaka i 1972, er ikkje overraska over at Sovjetunionen undersøkte Sognefjorden for eventuell utskyting av langdistanserakettar.

- Det har heile tida vore klart at dersom ein Warszawapakt-ubåt gjekk inn i Sognefjorden, så var det ikkje snakk om feilnavigering. Då måtte dei ha eit militært eller strategisk føremål som var viktig for dei. Eg tykkjer det høyrest logisk ut at dei var på jakt etter stad å skyte opp rakettar frå, eller deponere militært utstyr under sjøen i den grad det er mogleg, seier han.

- Alvorleg krenking

Ubåtjakt i Sognefjorden.

Fire fregattar, to ubåtar, 10 MTB-ar og to militære helikopter vart sende til Sogn for å spore opp «ubåten» og tvinge den til overflata.

Foto: NRK

Midt i den kalde krigen mellom Aust og Vest, vart hendinga oppfatta som både alvorleg og dramatisk.

- Det er klart at ein austeuropeisk atomubåt inne i Sognefjorden var ein svært alvorleg krenking av Norge og Nato sine grenser. Dersom denne ubåten hadde kome opp til overflata, ville det blitt storpolitikk som kunne fått konsekvensar både for militærpolitikk og elles i verda, seier Timberlid.

Måtte vestover

Skorgen er klar på at Sovjetunionen hadde behov for å plassere nokon av fartya sine også utanfor Kolafjorden.

- Det var ikkje noko muligheter for å trekke austover, så det var naturleg at dei ville trekke vestover, seier han.

I dokumenta frå den tidlegare forsvarssjefen går det vidare fram at at den sovjetiske militærattacheen var i Sogn i august 1972, og at besøket hans kan ha noko å gjere med at det var ein framand ubåt i Sognefjorden tre månader seinare.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.