Hopp til innhold

Sette Bremuseet på kartet

Arkitekten som teikna Norsk bremuseum i Fjærland døydde i går kveld. Sverre Fehn vart 84 år gammal og sovna stille inn.

Sverre Fehn
Foto: handout / Scanpix

Fehn har gjort Bremuseet i Fjærland verdskjent i arkitektskretsar. Det har sett Bremuseet på kartet, seier direktør Nils Paulsen ved Norsk bremuseum.

Han trekker fram Fehn som ein stor personlegheit.

- Han var inspirerande og høyre på, og han hadde humor. Han var ein god formidlar, og ikkje nokon snobb.

Problem med naturen

Sverre Fehn fekk oppdraget med å teikne Bremuseet i 1989, og museet blei opna i 1991.

Norsk Bremuseum

Norsk Bremuseum

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Han fortalte seinare at han hadde problem med å byggje noko inni dette valdsame naturrommet som er i Fjærland. Men han har no lukkast med den forma han har gitt Norsk Bremuseum, seier Paulsen.

Strid om bygget er fint

Direktøren seier det er delte meiningar om kor unik arkitekturen ved Bremuseet er.

- Vi spør publikum om kva dei meiner om sjølve arkitekturen. 40 prosent seier den er heilt forferdeleg og 40 prosent meiner den er flott. Og då har dei som valde ut Sverre Fehn som arkitekt oppnådd det ein var ute etter den gongen. Nemleg at ein forlatar ikkje dette bygget utan å ha ei meining omdet.

Norsk Bremuseum
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Betre etter påbygg

I 2002 blei det bestemt at Bremuseet skulle utvidast med eit tilbygg som skulle huse ei utstilling om klimaendringar. Dette var ei utfordring for Sverre Fehn, som då måtte ta opp att tankane om ein bygning som eigentleg var ferdigkonstruert. Han teikna nybygget rundt den eksisterande kinoen, og bygginga tok til hausten 2006.

Nils Paulsen

Nils Paulsen

Foto: Øyvind Torvund / NRK

Direktøren ved museet syns bygget tek seg betre ut etter påbygginga.

- Sett frå nord bar bygget preg av å vere litt siloaktig. Men etter påbygginga har bygget fått ein heilskap, og det verkar mykje meir ferdig. No er det ein veldig flott bygning uansett frå kva vinkel du ser det.

Kva syns du om arkitekturen til Bremuseet ?