Hopp til innhold

Set foten ned for ungdomsfestar

Drikking i full offentlegheit, overstadig rusa ungdom, vald mot politiet og ein fest heilt ute av kontroll. Lensmannen i Gloppen har nesten ikkje ord for kor gale det gjekk fatt på ungdomsfesten i Breimshallen natt til laurdag.

Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

SET FOTEN NED: Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset, set foten ned for ungdomsfestar i bygda. Etter at ein fest fredag kveld kom ut av kontroll har den erfarne politimannen fått nok.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Dette var ein fest som gjekk heilt utover alle støvelskaft, seier Nils Ove Roset oppgitt.

Den erfarne lensmannen og politimannen varslar at politiet kjem til å slå hardt ned på fyllefesten i Breimshallen i Gloppen i natt.

Nær 500 ungdomar, i hovudsak i alderen 16 til 18 år, var samla på det som politiet hadde fått beskjed om at skulle vere eit privat arrangement.

– Ungdomane som har arrangert dette har mista kontrollen. Dette er ikkje noko vi kan tillate, det er faktisk farleg, seier Roset til NRK.no laurdag.

Ungdom ned i 15-årsalderen var overstadig rusa

Politiet hadde i natt fem polititenestemenn på staden for å prøve halde styr på ungdomane. Også ambulanse vart tilkalla då fleire av ungdomane var så rusa at dei ikkje greidde ta vare på seg sjølve. Fleire av desse vart henta av foreldra sine.

Lensmann Nils Ove Roset er klar på at mykje ikkje var som det skulle under festen.

– Det var drikking i full openheit, med alkohol på borda inne i lokalet. Det var ungdomar i alderen 16 til 18 år, men også 15-åringar.

– Stort sett alle som var der var fulle, ambulanse vart tilkalla fordi folk var overstadig rusa, og vi opplevde at ein polititenestemann vart utsett for vald, ramsar Roset opp.

Har fått nok

Arrangørane hadde ifølgje lensmannen seks vakter på staden, noko han meiner er for lite når det var rundt 500 personar til stades.

– Det var dårleg organisert, og det var ikkje kontroll på noko, seier han.

Han var på førehand varsla om festen av arrangørane, og hadde gitt dei klare signal om at dei måtte sørge for nok vakter.

– Ved slike private arrangement skal det vere gjestelister og full kontroll i døra. Det skal vere full kontroll i lokalet, og ikkje alkohol i lokalet. Men ingenting av dette fungerte på denne festen, seier lensmannen og held fram:

– Eg kan ikkje nekte denne typen private arrangement. Men når ein ser korleis det gjekk i går så må vi sette foten ned, seier Roset.

(Artikkelen held fram under)

Breimshallen på Reed i Gloppen

FEST: Det var her i Breimshallen på Reed i Gloppen at rundt 500 ungdomar samla seg til fest fredag kveld,

Foto: Ottar Starheim / NRK

Vil snakke med utleigar

Det var ei lita gruppe ungdomar på Firda vidaregåande skule som stod som arrangørar, og det var elevar ved skulen som var invitert.

– Kan dei haldast ansvarleg for det som skjedde?

– Dei som i første omgang skal haldast ansvarlege er dei som leigde ut huset. Dei må vi ha ein alvorsprat med i etterkant.

– Det er vaksne folk som leiger ut hallen, kva tenkjer du dei burde gjort annleis?

– Dei har vel hatt erfaring med at slike arrangement har gått bra, og det har det stort sett gjort før. Men slik som dette har vi ikkje vore borti på lenge, og vi må sette ned foten og seie at dette ikkje går lenger.

Roset seier han ikkje trur ungdomane som arrangerte festen hadde sett føre seg at det skulle bere så gale av stad.

– Liv kan gå tapt

Lensmannen varslar no at han vil skjerpe inn rutinane og nekte all utleige av bygg til denne typen arrangement i Gloppen kommune. Han er klar å at slike situasjonar i verste fall kan føre til at liv går tapt.

– Men ungdom har vel drukke og halde leven før utan at det har gått gale?

– Her hadde vi problematikken med vald, og at arrangementet vart som ein magnet for folk frå andre stader som ikkje hadde noko der å gjere. Det enda med at det gjekk heilt over styr, og det er ein situasjon som er farleg, seier lensmannen.

Han viser mellom anna til at ein rusa mindreårig gut fekk pålegg om å fjerne seg frå staden, men nekta. Då politiet ville fjerne han slo vedkommande til politimannen i ansiktet. I tillegg vart det nesten sett i verk ein leiteaksjon etter ei rusa jente på 17 år.

– Dette er heilt fullstendig uakseptabelt. Det blir ikkje fleire slike arrangement, seier ein opprørt lensmann til NRK.no.

Forstår at politiet reagerer

Per Johnny Moldestad er styremedlem i Breimshallen, og var vaktansvarleg på arrangementet fredag kveld. Han vel å seie seg einig med Roset om festen kom over styr.

Han stadfestar at ungdom under 18 år fekk nyte alkohol inne i hallen.

– Vi følte vi hadde god kontroll inne, men det var det som skjedde utanfor huset som kom ut av kontroll, seier Moldestad til NRK.no.

Moldestad seier det har blitt arrangert fleire liknande festar i Breimshallen opp gjennom åra, og at det har gått ryddig for seg. Likevel ser han at det som skjedde i går må få konsekvensar.

– Ein kan ikkje arrangere festar på denne måten lenger. Vi gav også beskjed til arrangørane om at det ikkje vart aktuelt så lenge dei ikkje hadde kontroll, seier Moldestad.

– For mange ungdomar utanfrå

På spørsmål om kor vidt han og dei andre vaksne på staden kunne gjort noko annleis for å hindre festen i kome ut av kontroll, seier Moldestad at det kom svært mange fleire enn arrangørane hadde førespegla.

– Det vart for mykje folk utanfrå som ikkje var inviterte. Dei oppsøkte festen og øydela for dei som arrangerte den, seier han.

Han seier dei som utleigar av Breimshallen no vil diskutere saka med politiet, men ser heilt klart at dei vil måtte endre måten det blir arrangert ungdomsfestar på.

Vart ikkje slik arrangørane hadde tenkt

NRK har også vore i kontakt med ein av elevane som stod som arrangør av festen. 18-åringen er elev ved Firda vidaregåande, men han understrekar at skulen ikkje har noko med festen å gjere.

Han vedgår at festen ikkje vart slik dei hadde tenkt.

– Det var kjedeleg at det skulle bli slik. Det var bra politiet var der, om ikkje hadde vi ikkje hadde så pass kontroll, seier ungdomen.

Politiet vart varsla om festen på førehand, og arrangørane leigde inn seks eksterne vakter. Undervegs på kvelden skal det ifølgje ungdomen ha blitt kalla inn ytterlegare to vakter.

Festen var open for elevar frå skulen, men det kom langt fleire.

– Det var vanskeleg for oss å sjå korleis dette skulle bli. Vi har talt opp at det var litt over 400 personar som slapp inn i hallen, seier han og viser til at dette var skuleelevar.

– Kanskje det er like greitt

– Men det kom mange andre folk utanfrå, frå Førde og Florø til dømes, og dei kom eigentleg berre for å lage bråk. Det var ikkje noko kjekt, og det var ikkje noko vi kunne ha kontroll med, seier ungdomen.

– Kva kunne de har gjort annleis?

– Vi burde hatt fleire vakter frå starten av, seier ungdomen.

Han meiner hovudårsaka til at det gjekk gale var alle gjestane som ikkje var invitert, og meiner det var dei som stod for storparten av problema.

At politiet no varslar at det ikkje blir fleire slike festar, synest ungdomen er forståeleg.

– Kanskje er det like greitt. Dette er ikkje noko vi er interessert i å lage til på nytt med alt det styret det vart, seier han.

Ber foreldra ta meir ansvar

Lensmann Ove Roset etterlyser også meir bevisste foreldre når det blir arrangert slike festar. Med unntak av dei innleigde vaktene var det ikkje vaksne å sjå på staden natt til laurdag.

– Foreldra sender ungdomane sine på 15–16 år ut, og ungdomane seier dei skal i Breimshallen. Det er greitt det, men det går fint an for foreldra å ta seg ein tur for å sjekke.

– Er foreldre for godtruande?

– Dei er kanskje det, og dei har kanskje andre ting føre som gjer at dei prioriterer vekk å reise å sjekke at ungdomane på 15–18 år oppfører seg skikkeleg. Men foreldra har eit ansvar oppi dette, seier lensmannen.

Ein del foreldre må bu seg på å vere med ungdomane sine inn til politiet. Etter fredagens fyllefest er det fleire som vil bli hanka inn for ordensuro og drikking på offentleg stad.