Hopp til innhold

Set fokus på pårørandeomsorg i ny bok

I boka «Når far treng meg» set journalist og forfattar Noralv Pedersen temaet pårørande i eldreomsorga på dagsorden. Han meiner det bør leggjast meir til rette for at pårørande kan gi meir omsorg.

Når far treng meg

VIKTIGE SPØRSMÅL: Med den nyutgitte boka ønskjer Noralv Pedersen ein debatt om korleis pårørande lettare kan gi omsorg til pleietrengande i eigen familie.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Kva gjer vi som pårørande når til dømes sjuke, eldre foreldre treng hjelp utover det den offentlege helse og omsorgstenesta kan gi.

Dette temaet set NRK-journalist Noralv Pedersen på dagsorden i den nyleg utgitte boka «Når far treng meg – ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg».

Lam etter hjerneslag

Pedersen er frå Vik, men har i mange år budd i Førde og jobba ved hovudkontoret til NRK i Førde. Grunna faren sin sjukdom flytta han tilbake til Vik, men det først etter tre år. Årsaka var nett som tittelen på boka, far hans trong han.

– Ein dag i mai i 2009 får eg ein telefon frå mamma og ho fortel at pappa har fått eit alvorleg hjerneslag under ein operasjon ved Haukeland sjukehus. Han var blitt lam og blei etter kvart sterkt pleietrengande.

For Pedersen vart det ein lang og vanskeleg prosess der valet stod mellom jobben i Førde som han likte seg godt, eller å følgje plikta som kalla han heim.

– For meg som levde eit småbarnsliv med arbeid og små ungar rundt meg var eigentleg fullt oppteken av dette, så blei det ei stor omvelting å plutseleg ha ein far som trengde meg, og ei mor som trengde meg fordi ho etter kvart trong avlasting, fortel han.

Ville gjerne gi meir

Noralv Pedersen og far hans

KJENDE PLIKT: Noralv Pedersen vart dregen mellom plikt og lyst då faren vart pleietrengande. Dette biletet er teke av Pedersen og faren i Lyngen i Nord-Troms der faren er frå, ein gong på 70-talet.

Foto: Privat

Han høyrde ofte debattar om norsk eldreomsorg på fjernsynet, og etter kvart slo det han at det er ingen som snakka om dei dilemma som han og mange andre pårørande står oppe i kvar dag.

– For mitt tilfelle handla det om at eg gjerne ville gjere meir. Eg såg at mor mi og far min trengde meg mykje meir enn det eg makta å gi, men av ulike grunnar greidde eg ikkje å yte meir enn eg gjorde.

Pedersen meiner faren som i 2009 var 76 år, fekk god omsorg i både heimesjukepleie og etter kvart på sjukeheimen, men han såg at far hans trong meir.

– Han hadde bruk for pårørande som han kunne ha fortrulege samtalar med for å snakke om dei vanskelege tinga etter omveltinga. Det var krevjande på mange måtar. Eg merka sjølv at det sat langt inne å forsake mange av desse fridommane som eg hadde i livet mitt for å gjere det eg burde, eg burde ha flytta heim.

Etter ein lang prosess enda han og familien i fjor opp med å flytte tilbake til Vik, der både han og kona kjem frå. Det angrar han ikkje på.

– Eg er glad for at vi flytta, vi har eit godt liv. Eg får brukt meir tid på å hjelpe både far min og mor mi.

– Ikkje nok med det offentlege

I boka skriv Pedersen om revolusjonen norsk eldreomsorg har gått gjennom dei siste femti åra. Heilt frå då det var naturleg at familien tok ansvaret for eldre i heimen, til det offentlege tok over og bygde ut sjukeheimar, heimesjukepleiar og ei rekkje andre tenester.

– Desse tenestene er på mange måtar ei velsigning. Men i tillegg vert det lagt ned eit omfattande arbeid som pårørande står for, og denne innsatsen som familie, vener og naboar legg ned, den har politikarar teke for gitt i desse femti åra. Dette er ikkje noko som vert snakka om, dette vert berre gjort utan at ein diskuterer dei krevjande sidene ved det, og korleis ein kan få fleire til å yte meir.

– No viser forskning at sjølv om mange pårørande yter mykje omsorg, så gir vi totalt sett mindre pårørandeomsorg no enn før, seier Pedersen.

Noralv Pedersen

REISER DEBATT: Noralv Pedersen er til dagleg journalist i NRK Sogn og Fjordane. Dette er andre boka han gir ut.

Foto: Helge Grønningsæter

Han seier dette er eit ømt tema for mange.

– Eg er nok ikkje åleine om å ha vald jobb, plass å bu og utdanning utan å tenkje på at eg ein gong skulle bli ein pårørande sjølv. Så vi lever i eit sjølvrealiserande og eit ganske sterkt individualistisk samfunn.

At mange av oss betalar skatten og deretter forventar at det offentlege skal ta ansvar for dei eldre og sjuke, meiner Pedersen er ei haldning vi i større grad bør legge frå oss.

– Eg prøvar å få til ein offentleg samtale om dette, reise ein debatt rundt det for å diskutere eit ganske krevjande og vanskeleg tema som politikarane har vegra seg for å snakke om i mange, mange tiår.

– Må ta debatten

Pedersen seier debatten har vore så å seie ikkje-eksisterande. Han fortel at nokre få parti har teke til orde for å leggje meir til rette for pårørandeomsorg. Nyleg kom stortingsmeldinga «Morgondagens omsorg» der regjeringa ønskjer å mobilisere næromsorga i større grad for å løyse framtidas omsorgsutfordringar, då det kjem til å bli knapt med både fagpersonar og frivillig pårørande, fortel Pedersen.

– Regjeringa har sagt at dei skal løfte pårørande. Til dømes kunne dei fått på plass ei raus omsorgslønsordning eller permisjon med løn som hadde gjort det lettare for pårørande å ta seg fri frå jobb. Det er ei ordning ein snakkar varmt om, men dei sender den ut på ei ny ørkenvandring av utgreiingar og skubbar rekninga framfor seg. Det er uheldig, seier han.

Men ifølgje Pedersen er det ikkje berre økonomi som gjer det vanskeleg for politikarane å ta opp dette temaet.

– Det er mykje enklare å snakke om korleis staten skal leggje til rette. Det å gå inn og seie til pårørande at kanskje dei kunne gjort meir, det er vanskeleg. Då er politikarane redde både for å stå med ein moralsk peikefinger, men også for å få tilbake i fleisen at eldreomsorga skal bli lagt på skuldrene til dei pårørande så dei slepp rekninga sjølv, seier han.

– Det er ein vanskeleg debatt å ta, men eg trur vi er nøydd til å ta den skal vi løyse dei utfordringane som eldreomsorga står føre dei neste tiåra.