Hopp til innhold

Set dieseltjuvane på ekspressbussen

Begge dei unge mennene (22 og 25 år) som onsdag morgon vart pågripne for dieseltjuveri i Lærdal slepp fri.

Dieseltjuveri i Lærdal

TO BILAR: Dei tre mennene hadde med seg to bilar då dei vart tekne på fersken. Denne kvite varebilen var ein av dei.

Mennene har erkjent forholdet og vedteke kvar si bot på 3 000 kroner.

– Dei blir sendt på ein ekspressbuss til Oslo i løpet av ettermiddag eller kveld, seier lensmann i Sogndal, Åge Løseth.

Skulle til Bergen

Dei to mennene vart tidleg onsdag morgon pågripne av politiet, etter at dei hadde blitt sperra inne av arbeidarar på eit anleggsområde ved Borlagu på E16 i Lærdal.

Mennene vart frakta til Sogndal, der dei vart avhøyrde onsdag ettermiddag. I bilen fann politiet også kring 200 liter diesel som vart stole i Lærdal.

– Dei har forklart at dei var undervegs frå heimlandet sitt, via Oslo, og til Bergen. Så valde dei å stogge i Lærdal og begå dette tjuveriet. Dei har sagt lite om kva dei skulle med dieselen, fortel lensmann Løseth.

Ein mann rømde

Det var arbeidarane på anlegget som fatta mistanke då dei såg to bilar parkert ved maskinene deira. Fleire menn tappa diesel over på kanner, noko som også har skjedd tidlegare.

Anleggsarbeidarane klekte ut ein plan, og sperra vegen for tjuvraddane då dei skulle ta seg nedover mot Lærdal. I staden vart dei sperra inne av anleggsmaskinene fram til politiet kom til staden.

Ein av tjuvane stakk til skogs. Politiet har ikkje brukt ressursar på å leite etter denne karen.

– Dette skal vere ein kamerat dei knappt kjenner namnet på, og som då valde å stikke frå dei då dei vart tekne i Lærdal. Han var også på veg til Bergen, seier Løseth.

Mistenkjer ein tredje bil

Tore Bruland som er anleggsformann for K.A. Aurstad på anlegget seier dei hadde mistanke om at også ein tredje bil var involvert i tjuveriet.

Denne køyrde i retning Lærdal litt før dei to andre. Han seier det kan tenkjast at personen på rømmen kan ha kontakta andre.

– Det er ikkje godt å vite kva kontaktar dei har. Det kan vere at han har fått kontakt med denne tredje bilen, dersom den var involvert, seier han.

Tok hand om bilane

Dei to pågripne vart sitjande i bilane utan å gjere noko, medan den tredje personen rømde til skogs.

Begge dei to mennene er frå Litauen og er fødde i høvesvis 1992 og 1986. Dei to har så langt ikkje sagt noko om kor den tredje personen har teke vegen.

Her var den tekniske standen til bilane så elendig at dei ikkje kunne sleppast ut att på vegen. Bilane er tekna hand om av politiet og avskilta. Dei har samtykka i at begge bilane blir kondemnert, seier Løseth.