Hopp til innhold

Resten av sommaren blir kald og grå i Sør-Noreg - best sommarvêr i nord

Medan nordlendingane bør smørja seg med solkrem dei komande vekene, bør ein heller smørja seg med tolmod i Sør-Noreg.

Regnskyll under arrangement på Bryggen

VÅTT I VENTE: Vestlandet ventar skiftande vêr med regn og byer dei komande vekene.

Foto: Mona Maria Løberg / Naturvernforbundet Hordaland

Utanfor norskekysten ligg eit lågtrykk og lurar. Frå midten av veka kjem eit nytt lågtrykk sigande frå aust.

– Det er ustabilt og skiftande vêr i vente for heile Noreg framover, seier statsmeteorolog Pernille Borander.

Lågtrykket i vest vil gje mykje regn og byer dei neste dagane. Dette gjeld heile landet frå Vestlandet og nordover.

I Finnmark er det tysdag sendt ut åtvaring om styrtregn. Regnet kjem truleg til å hølja ned i store delar av Nord-Noreg.

Sørlandet blir truleg den einaste tørre landsdelen denne veka.

Varmast lengst aust

Ein plass er det likevel varmt.

Det er Aust-Finnmark som kan få dei høgaste temperaturane. Der kan gradestokkane koma opp i 25 grader. Lengst aust kan det kanskje bli endå varmare, fortel Borander.

– Resten av landet har ikkje så mykje sommarvêr å skryta av tidleg denne veka, seier ho.

Rett nok kan det liggja an til at temperaturen kan koma opp i 20°C nokre stadar på Austlandet.

Laster Twitter-innhold

Grått sesongvarsel

Dei lengre varsla som finst, syner nemleg at trenden med kaldt sommarvêr fortset.

Sesongvarslinga syner at temperaturane kjem til å halda seg nokre grader lågare enn kva som er vanleg i sør, og nokre grader varmare enn snittet i nord.

Det same gjeld også for regnet. Truleg vil det frå neste veke vera tørrare enn det plar i nord, medan det i sør vil regna litt meir enn vanleg.

Sesongvarsla har byrja å halda god kvalitet, seier klimaforskar ved NORCE, Erik Kolstad.

– Som privatperson er eg skuffa over sommaren, men som fagperson er eg glad for at varslinga me gav visar seg å stemma.

Erik Kolstad

– GLAD VARSELET STEMMAR: Klimaforsker Erik Kolstad ved NORCE i Bergen.

Foto: Andreas R. Graven / Uni Research

– Nord-Noreg ligg i varm luftmasse

Kolstad og kollegaane hans meldte at det skulle bli kaldt no, allereie i midten av juni.

– No ligg Sør-Noreg mellom to varme luftmassar. Det kjem vind i nordaustleg retning frå Island og gir oss kalde luftmassar. Nord-Noreg ligg gunstig til i ein varm luftmasse. Det gjer dei også på kontinentet, seier klimaforskaren.

Sesongvarselet viser at temperaturen resten av sommaren stort sett held seg under normaltemperatur. Jo djupare blå, jo fleire grader under normalen, og motsett med raud:

Sesongvarsel uke 30

Sesongvarsel veke 30 (20. juli - 26. juli). Karta er laga av Det europeiske informasjonssystemet for skogbrann (EFFIS), basert på data frå Det europeiske senteret for sesongvêrvarsel (ECMWF).

Foto: EU
Sesongvarsel uke 31

Sesongvarsel veke 31 (27. juli - 2. august)

Foto: EU
Sesongvarsel uke 32

Sesongvarsel veke 31 (3. august - 9. august)

Foto: EU
Sesongvarsel uke 33

Sesongvarsel veke 33 (10. august - 16. august)

Foto: EU
Sesongvarsel uke 34

Sesongvarsel veke 34 (17. august - 23. august)

Foto: EU
Sesongvarsel uke 35

Sesongvarsel veke 34 (17. august - 23. august)

Foto: EU

Lyspunkt i helga

Sommarsesongen er jo ikkje så lang, så eg synest me hadde fortent litt meir sommar, seier statsmeteorolog Borander, som held til i Tromsø.

Og det kan det henda delar av landet får når me nærmar oss helga.

– Det er usikkert, men dei førebelse prognosane er litt meir positive, seier statsmeteorologen.

Allereie frå onsdag av vert det truleg mindre regn på Austlandet. Kanskje kan det også tørka litt opp på Vestlandet når me skriv torsdag og fredag.

Likevel er det ikkje særleg varme luftmassar som kjem over landet. Dei held seg i sør og aust for Noreg. Det blir difor truleg kaldt i Sør-Noreg.

Og det kan vara lenge.