Hopp til innhold

Ser ikkje resultat av gode skular

Sogn og Fjordane har mellom dei beste skulane i landet. Likevel er innbyggjarane mellom dei lågast utdanna.

Studenter

ATTRAKTIVE: Ingjerd Skogseid i Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane, meiner studentane i fylket er for attraktive i storbyane.

Foto: colourbox.com

Skuleflink ungdom reiser ut av fylket, og få kjem attende etter at dei har gjort dei viktigaste vala i liva sine.

For sjølv om Sogn og Fjordane har blant landets beste skular er vi tilliks med andre distrikstfylke blant dei lågaste utdanna i Norge.

– Det er eit stort paradoks. Og det er jentene som reiser, og vi veit at det skaper ganske mykje problem, seier utdanningsdirektør Åslaug Krogsæter hos Fylkesmannen.

– Få jentene heim

Åslaug Krogsæter

REISER UT: Utdanningsdirektør Åslaug Krogsæter konstaterer at flinke elevar ikkje vender heim att.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Høg utdanning blant store delar av befolkninga vert i stadig større grad eit byfenomen - der distrikta blir taparane.

I 1999 hadde 27 prosent av innbyggjarane over 16 år i Oslo høgare utdanning. I dag er talet 44 prosent. Berre halvparten så mange, 22 prosent, har høgare utdanning i Sogn og Fjordane. Det er også godt under landssnittet på 28 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Auken sidan 1999 er her i fylket på berre 5 prosent sidan 1999.

Krogsæter meiner særleg jentene må lokkast tilbake til distrikta.

– Då må ein også spørje seg, kva samfunn har vi å tilby dei? Eg trur det er god grunn til å spørje om dette er eit samfunn som er like godt attraktivt for jenter som for gutar. Om likestillinga har gått litt seint her.

– For attraktive studentar

Med høgare utdanning meiner ein utdanning på universitets eller høgskulenivå. Berre 3,7 prosent av innbyggarane i Sogn og Fjordane har gått meir enn fire år ved slike institusjonar.

– Vi har for gode studentar, som er for attraktive andre stadar også. Vårt næringsliv er kanskje ikkje flinke nok til å marknadsføre seg sjølve, meiner Ingjerd Skogseid, prosjektleiar for Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane.

Ho forskar på korleis utdanning kan vere vekstdrivar her i fylket. Sett på spissen, meiner Skogseid at fråflytting kan vere prisen vi betalar for gode skular og flinke elevar.